Artikkelen er frå 2014, og innhaldet kan vere utdatert.

Både Aurland kommune og Voss kommune har no vedteke planprogrammet for planlegging av ny tunnel i Nærøydalen.

Planprogrammet har vore ute til høyring. Vi har og hatt eit forprosjekt for løysing på Fyre ute på høyring, og det har vore meldt utviding av planområdet på Hylland i Aurland kommune. Innkomne innspel har vore handsama, og Aurland og Voss kommunar har no vedteke planprogrammet. Sakshandsaming fram til februar 2014 går fram av dokumentet «Vurdering av innkomne merknader ved planoppstart», seinare sakshandsaming, inkl. vedtak, går fram av kap. 6 og vedlegg i «Planprogram revidert etter vedtak».

På grunn av prioritering av andre planprosjekt som har løyving i perioden til 2017 er vi dessverre litt forseinka med planarbeidet. Vi reknar med at utkast til plan blir sendt på høyring våren 2015.

Aktuelt for fylke: Vestland