Artikkelen er frå 2013, og innhaldet kan vere utdatert.

I november blir bygginga av E16 Varpe bru – Smedalsosen over Filefjell lyst ut. Strekninga består av 14 kilometer veg i dagen og seks kilometer tunnel. Planlagt anleggsstart er våren 2014.

E16 over Filefjell er i dag den sikraste fjellovergangen om du skal mellom aust og vest på vinteren, men også her er det stengingar på grunn av vogntog som køyrer seg fast i snø som driv inn i vegbana.

Delar av vegen over Filefjell har allereie ein relativt bra standard, men vegen er utsett for snøproblem som fører til kolonnekøyring og stenging.

Skal bli vintersikker

Ny og betre veg mellom Varpe bru i aust og Smedalsosen i vest skal gjere vintervedlikehaldet lettare, redusere talet bilbergingar og gjere vegen tryggare mot ras. Når prosjektet står ferdig i 2017 vil E16 Filefjell vere ein effektiv og vintersikker hovudriksveg mellom Vest- og Austlandet.

I kontrakten E16 Smedalsosen-Varpe bru ligg det også inne ei utbetring av Tyinkrysset, som er eit naturleg samlingspunkt for hytteturistar og vintersportsgjester i området. Her skal trafikksituasjonen blir betre, mellom anna for bussar og passasjerar.

Vegbygging på høgfjellet

Ein stor del av strekninga kryssar høgfjellet, og det vil bli utfordringar ved å byggje veg i slik høgde, vedgår prosjektleiaren for E16 Filefjell, Odd Erik Haugen.

- Den entreprenøren som får kontrakten står ovanfor ein omfattande jobb med å flytte masser og byggje veg. Mange av oppgåvene må utførast på sommarhalvåret då vinteren kan vera hard i 1000 meter høgde over havet. Totalt er det godt over ein million kubikkmeter masse som skal plasserast ut som fylling og overbygning i vegen, fortel Haugen.

Det vil bli svært stor aktivitet på E16 Filefjell neste sommar. Naboparsellen på vestsida, Smedalsosen – Borlaug, er under bygging og skal vere ferdig hausten 2014.

Frå Smedalsosen på E16 over Filefjell. Foto: Heidi Ravnestad
Aktuelt for fylke: Innlandet, Vestland