E39 Bokn-Bømlafjorden er eit av delprosjekta under E39 Stavanger–Bergen. Heile 67 kilometer skal gjennom ei stor oppgradering med nye bruer og firefeltsveg

I Nasjonal transportplan (NTP) for 2018–2029 vedtok Stortinget eit langsiktig mål om ein utbetra og ferjefri E39 som gjer strekninga kortare og reduserer reisetida. Målet for strekninga er å knytte saman store næringslivsregionar og bu- og arbeidsmarknader, og gje betre føresetnad for å utvikle Norges største eksportregion til stor nytte for samfunnet.

Ferjefri E39

Samfunnsmål for E39 Bokn-Bømlafjorden

Samfunnsmålet for E39 Bokn-Bømlafjorden er at Haugalandet og Sunnhordland i 2040 skal vere tidsmessig knytt nærare saman med Midthordland. Stavanger- og Bergensområdet skal vere tidsmessig knytt nærare saman.

Planarbeidet for korleis strekninga skal bli på denne delen av europavegen blei utgreidd i konseptvalutgreiinga (KVU) E39 Aksdal-Bergen i 2011 med tilleggsutgreiing i 2013.

Med utgangspunkt i det samt Kvalitetssikring av konseptvalget (KS1) og innspel (høyringsutsegner) frå lokale og regionale myndigheiter og interessegrupper, vedtok regjeringa konseptval og la rammer for vidare planlegging av E39 Bokn-Bømlafjorden (tidlegare Bokn-Hope) og E39 Stord-Os.

Konseptvalutgreiinga (KVU) E39 Aksdal-Bergen (PDF)

Planprogram på høyring

Neste fase i arbeidet er planprogrammet for strekninga. Dette er under arbeid, og skal ut til offentleg ettersyn høsten 2023. I samband med dette blir det arrangert folkemøter i dei aktuelle kommunane.

Planprogrammet er ein plan over kva som skal utgreiast i den framtidige kommunedelplanen.

Statens vegvesen tar sikte på å ha forslag til kommunedelplan klar for offentleg ettersyn i 2025.

Kva er konseptvalutgreiing?

Formålet med KVU-arbeidet var å kartleggje kva behov som er knytt til transportsystemet mellom Aksdal og Bergen, og korleis løysinga for strekninga vil påverke områda rundt. Fyrste steg i prosessen er å velje eit konsept for vegen.

Eit konsept kan sjåast som ei overordna tilnærming til å løyse eit behov. Eksempel på spørsmål som er med inn i eit arbeid med ei KVU er:

  • Skal ein bygge under, over eller på vatn?
  • Bør strekninga bli ferjefri med tunnel eller bru, eller skal ein halde fram med ei eller anna form for ferje over fjorden?

KVU-en for E39 Aksdal–Bergen vart lagd fram i juni 2011, og arbeidet vart avslutta med tilleggsutgreiing i februar 2013. Ekstern kvalitetssikring (KS1) vart gjennomført i 2012.

E39 Bokn–Bømlafjorden