Artikkelen er frå 2020, og innhaldet kan vere utdatert.

Kommunedelplanen og konsekvensutgreiinga for E39 Byrkjelo–Grodås er vedteken i alle tre kommunane.

Kva som kan bli neste steg for prosjektet får vi svar på når Nasjonal Transportplan (NTP) blir lagt fram av Stortinget neste sommar.

Kommunedelplanen låg ute til offentleg ettersyn vinteren 2018/2019. Planane vart vedtekne i Stryn kommunestyre 24.9.2019, i Hornindal kommunestyre 26.9.2019 og no sist i Gloppen kommunestyre 28.10.2020.

Sjå oppdaterte kart og dokument

Regjeringa vedtok i 2014 at framtidig E39 skal følgje ei indre linje i Nordfjord. Den nye veglinja som er vedteken, skal gå i tunnel under Utvikfjellet, veg i dagen mellom Utvik og Innvik og i tunnel frå Innvik til Frøholm. Så er det over Nordfjorden på ein 1760 m lang hengebru mellom Frøholm og Svarstad. Vidare blir det veg i dagen og tunnel opp til Grodås der E39 koplar seg til Kvivsvegen nordover til Sunnmøre.

Halvert reisetid

Vegstrekninga mellom Byrkjelo og Grodås blir omtrent halvert i lengde og ferjefri. Samla gir det ca. ein time innspart reisetid. Ny reisetid frå krysset på Byrkjelo til Kvivsvegen med fullt utbygd anlegg gir berekna reisetid på 25 til 27 min. Dette er bra for tungtransporten, det gir stor nytte for trafikantane og knyter Nordfjord tettare saman med Sunnmøre, Sogn og Sunnfjord i ein felles bu- og arbeidsmarknad.

Samfunnsøkonomisk analyse viser at prosjektet har svært høg samfunnsnytte, sidan tydeleg innkorting av E39 gir høg nytte per budsjettkrone. Eit første byggesteg Byrkjelo–Svarstad gir også innkorting og stor samfunnsnytte til redusert kostnad.

Full utbygging har eit kostnadsoverslag på 11,4 mrd (+/- 25%) og strekninga Byrkjelo–Svarstad er estimert til 8,9 mrd (+/- 25%) i 2018-kroner.

Planlagt vegtrasé frå Byrkjelo til Grodås. 2020. Video: Multiconsult.
Aktuelt for fylke: Møre og Romsdal, Vestland