- Me fekk inn 53 innspel til varselet om start av planarbeidet. Me har no gått grundig igjennom innspela og samla våre svar i ein 61 siders rapport. Der tek me det for oss tema for tema, då fleire av innspela gjekk på dei same problemstillingane. Me takkar for eit stort engasjement i prosessen så langt, og me har fått mange nyttige råd og ynskje for det vidare arbeidet, seier planleggingsleiar Ellen Njøs Slinde i Statens vegvesen.

Revidert program

Høyringsrunda har resultert i eit revidert planprogram for strekninga. Mellom anna kom det inn mange nyttige innspel frå private, og for Byrkjelo kom det inn ynskje om å utgreie fleire alternativ, noko som no er sjekka ut og endra i planprogrammet.

I Markane er vegalternativ justert for å ta betre omsyn til våtmarker, etter innspel frå både private og offentlege interesser. For Innvik/Utvik hadde ei hovudvekt av innspela ynskje om felles av- og påkøyring til ny E39 mellom bygdene, for å spare jordbruksareal. I Hornindal er alternativa justerte, då grunneigarar og bebuarar ynskja å få kryss så langt nord som muleg.

Kryss mot Stryn

Når det gjeld brua, er seglingshøgda endra frå 70 til 75 meter etter innspel frå Kystverket. Stryn kommune ynskte avkøyring på nordsida av brua, og dette blir teke med vidare i planarbeidet ved å utgreie «halvt kryss» på nordsida av brua, ved Svarstad. Det vil seie at ein skal greie ut påkøyring til ny E39 sørover frå rv. 15 ved Svarstad. Skal ein nordover, må ein køyre på ny E39 ved Markane. Dersom ein skal få fullt kryss ved Svarstad, må det byggjast inne i tunnelen. Dette krev avvik frå vegnormalane, og vil bli vidare utgreidd som del av kommuneplanprosessen.

Til kommunestyra

Planprogrammet er første steg i arbeidet med kommunedelplan for E39 Byrkjelo-Grodås. Planprogrammet skal no opp i kommunestyra i dei tre kommunane i planområdet.

Oversiktskart over strekninga, med alternativ.Foto
Oversiktskart over strekninga, med alternativ. Foto: Statens vegvesen