Artikkelen er frå 2016, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen startar arbeidet med å planlegge framtidig trasé for E39 Byrkjelo–Grodås.

Ny vegtrasé vil halvere lengda på strekninga, og kutte reisetida til langt under det halve - ferja iberekna. Ei bru over indre Nordfjord vil bli lengre enn Hardangerbrua.

Etter at regjeringa vedtok å legge E39 gjennom indre linje mellom Byrkjelo og Grodås, med tilkopling til Kvivsvegen i nord, har Statens vegvesen fått i oppdrag å utarbeide kommunedelplan i samarbeid med kommunane Gloppen, Stryn og Hornindal.

Lengda halvert

-Planprogrammet blir no lagt ut til offentleg ettersyn, og planane inneheld mellom anna tunnel under Utvikfjellet og brukryssing over indre Nordfjord frå Frøholm til Svarstad. Brua vil få eit hovudspenn på 1555 meter og total lengde på 1760 meter. Det er nærare 250 meter lengre hovudspenn enn Hardangerbrua, som per i dag er Noreg sin lengste hengebru, seier planleggingsleiar Ellen Njøs Slinde i Statens vegvesen.

Rein veglengde vil bli korta ned frå 75 km til ein plass mellom 35 og 40 km. Anslått reisetid blir då redusert frå 67 minutt pluss ferjestrekning til knappe 35 minutts køyretid via den planlagte brua.

Planprogrammet er første steg i arbeidet med å jobbe fram ein kommunedelplan for E39 Byrkjelo – Grodås, og dokumenta vert no lagde ut til offentleg ettersyn i dei berørte kommunane. I løpet av prosessen som følgjer skal kommunar og interessegrupper få medverke i fastsettinga av detaljert trasé for ny E39.

Tunnelar og bru

Planområdet tek utgangspunkt i det vedtekne konseptet for E39 i konseptvalutgreiing (KVU) for E39 Skei–Ålesund, og femner vidt for å sikre at dei relevante og realistiske alternativa vert undersøkt. I planprogrammet ligg det fleire mulege deltraséar inne. Dokumentet viser også traséar som alt er forkasta grunna til dømes skredfare, auka tekniske krav og kraftig kostnadsauke grunna større brulengde.

Felles for dei aktuelle linjene er at vegen går inn i tunnel i Byrkjelo, kjem ut i lia over Utvik og så via kort tunnel og dagsoner oppe i lia fram til Innvik. Der går vegen inn i ny tunnel, rett ut på brua som krysser frå Frøholm til Svarstad og så inn i ny tunnel til Markane. Så er det eit stykke i dagsone, før siste tunnel frå Øyane litt vest for Maurset til Grodås.

Vegvesenet skal dei komande vekene arrangere kontordagar og opne møte på Byrkjelo, Vikane, Stryn og Grodås i samband med oppstart av planarbeidet. Planprogrammet blir lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 14. april til  1. juni 2016, i samsvar med plan- og bygningslova §§ 4-1 og 11-13.

Utsyn innover fjorden frå bakkane over Utvik.Foto.
Utsyn innover fjorden frå bakkane over Utvik. Foto: Ellen Njøs Slinde
Aktuelt for fylke: Møre og Romsdal, Vestland