Artikkelen er over eitt år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen og ACO Anlegg AS signerte 6. april 2021 kontrakt om bygging av forbikøyringsfelt på E39 Ørskogfjellet. Kontrakten har ein verdi på 92,5 millionar kroner eks. mva.

- Det er gledeleg at ein lokal entreprenør rakk til topps i konkurransen. No er det om å gjere å få til god trafikkavvikling i anleggstida, sørge for tydeleg arbeidsvarsling og passe på tryggleiken ved sprengningsarbeid, sa divisjonsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen Utbygging.

Påskeferien gjekk rett over i full aktivitet for entreprenør og byggherrepersonell tilknytta utbygginga på Ørskogfjellet, med digital kontraktsignering klokka ni første arbeidsdag etter høgtida. Grunna korona føregjekk sjølve signeringa med Bank Id på nett, og seremonien rundt skjedde som videomøte på Teams.

- Denne kontrakten betyr svært mykje for oss, og det er ein av dei største enkeltkontraktane som ACO Anlegg har hatt. På førehand var me veldig innstilte på at denne kontrakten skulle me ha, då prosjektet ligg rett i vårt nærområde. No er me veldig glade, og me har eit godt lag med underentreprenørar med oss i prosjektet, sa dagleg leiar Tarjei Rødset i ACO Anlegg AS.

Kjapt i gang

- No går me direkte over i samhandlingsmøter, for å avklare ting rundt gjennomføringa, sikre ein felles forståing av kontrakten, og bygge eit godt miljø. Oppstart ute i marka blir så fort som muleg, seier prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen.

Trafikantane vil bli varsla i god tid før det blir større endringar, og når anleggsarbeidet startar opp for fullt, må folk rekne ekstra tid på strekninga. Forbikøyringsfeltet på Ørskogfjellet skal stå ferdig sommaren 2022, og feltet vil få ei lengde på 1,8 km. Med tilpassing inn mot dagens veg i begge endar blir den samla strekninga som skal utbetrast på ca. 2,8 km.

- Det er veldig bra at me kjem i gang med bygging på Ørskogfjellet no, for dette er eit svært etterlengta prosjekt. Eg ynskjer dykk lykke til med arbeidet, sa prosjektdirektør Ove Nesje i Statens vegvesen.

2,8 km blir utbetra

Utbetringsprosjektet startar ca. 500 meter sør for kryssinga av Tverrelva, som er om lag 4 kilometer nord for Sjøholt sentrum. Det vert avslutta etter ca. 2,8 km ved avkøyringa til hyttene i Nysæterbakkane, som er ca. 1,4 km sør for Fjellstova.

I tillegg til etablering av forbikøyringsfelt, skal vegen også utvidast. Utbetring av svingar på strekninga inngår også i prosjektet. Ny vegbreidde blir 10 meter der det er tofeltsveg og 13,5 meter der det er forbikøyringsfelt, inkludert vegskuldrar og rumlefelt. Byggetida er berekna til om lag 15 månader.

Foto
Frå digital kontraktsignering på Teams med ACO Anlegg 6. april 2021. Foto: Ole Kristian Åset
Aktuelt for fylke: Møre og Romsdal