E39 mellom Knarvik – Ostereidet (Flatøy-Eikefettunnelen) er eit av delprosjekta under Ferjefri E39 som i framtida skal bli oppgradert med ny veg.

E39 er ein viktig stamveg langs kysten i Noreg, frå Trondheim til Kristiansand og ut i Europa. Strekninga er om lag 1100 km lang, og går innom Stavanger, Bergen, Ålesund og Molde. I dag er reisetida på om lag 21 timar med heile sju ferjesamband og varierande vegstandard.

I Nasjonal transportplan (NTP) for 2018–2029 vedtok Stortinget eit langsiktig mål om ein utbetra og ferjefri E39 som gjer strekninga kortare og reduserer reisetida. Målet for strekninga er å knyte saman store næringslivsregionar og bu- og arbeidsmarknader, og gje betre føresetnad for å utvikle Norges største eksportregion til stor nytte for samfunnet.

Samfunnsmål

Samfunnsmålet for delstrekninga påE39 mellom Knarvik – Ostereidet (Flatøy-Eikefettunnelen)  er å skape eit meir effektivt og trafikksikkert nord-sør-samband på Vestlandet innanfor dei rammene og føringane som er gjevne i NTP. Løysinga må leggje til rette for vidare utvikling av Knarvik som regionsenter.

Dette skal ein ny E39 mellom Knarvik – Ostereidet (Flatøy-Eikefettunnelen) (effektmål):

  • Reduksjon i talet på ulukker.
  • Eit godt tilbod for gåande og syklande langs dagens korridor for E39, med særleg vekt på gode løysingar på strekninga Flatøy-Hjelmås.
  • Ny E39 skal overta mest mogleg trafikk frå dagens E39 for å gje god effekt og avlasting av lokalvegnettet. 
  • Kortare reisetid og reduserte transportkostnader på E39 mellom Flatøy og Eikefettunnelen som ledd i eit effektivt nord-sør-samband på Vestlandet. 
  • God tilknyting til fylkesveg 57 og fylkesveg 565 må løysast i prosjektet, i tillegg til kopling mot anna lokalvegnett. 
  • God tilgjengelegheit adkomst til Knarvik som regionsenter for alle trafikantgrupper, med eit særskilt særleg omsyn til kollektiv-, gang- og sykkeltrafikk. 
  • Ei effektiv arealutnytting som stettar god sentrumsutvikling i Knarvik. 
  • Redusere trafikk i dagen gjennom Knarvik sentrum. 
  • Eit robust lokalvegnett som skal sikre god kontakt mellom bygdene, og omkøyring ved vedlikehald og ulukker på E39. 

Planprogram

Planprogrammet for E39 mellom Knarvik – Ostereidet (Flatøy-Eikefettunnelen)blei fastsett 19. september 2017 i Lindås kommune og 27. september 2017 i Meland kommune. Statens vegvesen har no i oppdrag å utgreie alle alternativa i fastsett planprogram, gjennom arbeidet med kommunedelplan med konsekvensutgreiing. Alver kommune er planmynde og tek avgjerda.