Det synte oppmøtet på tilbodssynfaringa i går.

- Det var veldig mange som møtte fram, cirka 50 personar. Dei fleste store norske entreprenørselskapa var representerte, og i tillegg tre utanlandske firma, fortel prosjektleiar Svein Reidar Dale.

Tilbodssynfaringa starta på Skei med kort informasjon om prosjektet, og gjennomgang av teikningar og 3D modellar. Deretter gjekk turen ut, både langs E39-strekninga og til Pevika i Kjøsnesfjorden der det skal drivast tunnel for å sikre masser til vegbygginga.

Møtet vart avslutta med orientering om konkurransegrunnlaget, spørsmål og oppsummering.

Fristen for å levere inn tilbod er 6. januar 2017.

Foto: Svein Reidar Dale
Aktuelt for fylke: Vestland