Reguleringsplan for prosjektet vart vedteken i Sunnfjord kommunestyre februar 2023. For meir detaljar og dokumenta som utgjer planen sjå her.

Vi har også lagt ut ein kartfortelling om prosjektet.

Prosjektet E39 Storehaugen–Førde omfattar bygging av ny E39 forbi Førde sentrum og Hallbrendslia i Sunnfjord kommune. Hallbrendslia er området som E39 går gjennom sørvest for Førde sentrum. Her er det dårleg vegutforming generelt, men særleg er det problematisk at det er bratt og at det er fire hårnålskurver på strekninga. For alle køyrande er dagens veg gjennom Førde sentrum og Hallbrendslia ein lite effektiv del av E39, men tungtrafikken har særleg store utfordringar med denne.

Dei viktigaste effektane av prosjektet vil på grunn av dette være kortare reisetid (om lag 10–15 minutt spart for gjennomgåande trafikk på E39) og reduserte transportkostnader elles. I tillegg betrar prosjektet trafikktryggleiken, særleg fordi sannsynet for trafikkulykker vert redusert.

Prosjektet startar på Storehaug, der det i dag er krysset med fylkesveg 57, og endar opp nord på Bruland, like aust for Førde sentrum. Prosjektet er dominert av ein om lag 7,7 km lang tunnel, med relativt korte dagsoner for å kople seg til dagens E39 i sørvest og nordaust. E39 Storehaugen–Førde omfattar fyrste etappe/byggetrinn av prosjektet som på kommunedelplannivå er planlagt frå Storehaugen i sørvest til Moskog i nordaust, og som i den prosjektfasen hadde namnet E39 Langeland–Moskog, som nemnd tidlegare. Ny veg vidare austover frå Bruland til Moskog er ikkje prioritert endå og når denne strekninga vert bygt ut er soleis uavklart.

Oversiktskart.Foto.
Kart over trasen for E39 Storehaugen–Førde.

Veg:
E39
Fase:
Planfase
Kommunar:
Sunnfjord
Fylke:
Vestland
Finansiering:
Stat, Bompengar
Nasjonal transportplan:
Omtalt i NTP 2022–2033

Området Langeland-Moskog. © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Kontaktar

Magna Vangsnes

Planleggingsleiar
Telefon:
95 19 19 63
E-post:

Marius Slinde

Byggeleiar
Telefon:
90 98 68 91
E-post:

Sist oppdatert: