Statens vegvesen skal i samarbeid med Høyanger kommune lage detaljeringsplan for det nemnde prosjektet. Vi ber med dette om innspel til arbeidet.

Skildring av prosjektet

Føremålet med prosjektet er å legge til rette for framtidig behov for auka frekvens og kapasitet på ferjesambandet E39 Lavik–Oppedal. Frå 2025 vert det ny ferjekontrakt på sambandet. Liggekaien skal nyttast for nattligge for ferje som ikkje er i rute. Tiltaket vil medføre etablering av kai-konstruksjon i tilknytning til Lavik kai, samt tilføring av vatn og straum til området.

Oppstartsmeldinga er også tilgjengeleg på nettsida til Høyanger kommune under kunngjeringar Kunngjeringar / høyringar - Høyanger kommune (hoyanger.kommune.no)

Det er vurdert til at reguleringsplanarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing i høve «Forskrift om konsekvensutredninger». 

Planområdet

Planområdet omfattar gnr/brn: 74/65 og 74/89.

Plangrense E39 Lavik ferjekai.
Plangrense E39 Lavik ferjekai. Foto: Statens vegvesen

I gjeldande reguleringsplan, E39 Lavik ferjekai planid 4638_201201, er området som vert direkte påverka av tiltaket avsett til samferdsanlegg og teknisk infrastruktur og hamneområde i sjø. Planområdet omfattar utover dette også område som er tenkt nytta til rigg- og anleggsverksemd i byggefase.
Kartfigurar under syner utsnitt eksisisterande reguleringsplan og utsnitt med planområde for ny reguleringsplan:

Framdrift og frist for innspel

Vi ber om at de sender synspunkt, innspel eller relevante opplysningar til oss skriftleg innan 04.04.2022 til:

  • Statens vegvesen Pb. 1010 Nordre Ål, 2605 LILLEHAMMER
  • eller

Merknader merkast med «E39 Lavik ferjekai. Etablering av liggekai 22/12554»

Informasjonsmøte

I samband med varsla planoppstart vert det gjennomført eit informasjonsmøte på Lavik fjordhotell torsdag 10. mars kl 17 – 18:30. Påmelding til informasjonsmøtet innan 8.mars 2022 til planleggingleiar Runa Aaland Eggum, tlf 95 75 61 06 eller e-post .

Aktuelt regelverk

Dette varselet er sendt ut i samsvar med Plan- og bygningslova § 12-8. Planen vert utarbeidd etter §§ 12-3, 12-8 og 3-7.

Aktuelt for fylke: Vestland