Statens vegvesen har utarbeidd kommunedelplan for E39 på strekninga Heiane – Ådland/Nordre Tveita ved Leirvik i Stord kommune. Gjennom dette planarbeidet er det bestemt framtidig trasé og andre overordna prinsipp for utviklinga av E39 på denne strekninga.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har avgjort at planalternativ 4 skal ligge til grunn for det vidare arbeidet med E39 på strekninga. Dette inneber at europavegen får ny trasé frå inst i Djupadalen, ved at ein no går på nordsida av nærings- og industriområda på Heiane. Ved kryssinga av fv. 545 / Sagvågvegen vert det eit toplanskryss, før vegen vidare nordaustover skal ligge i ei tilnærma bein linje. Det vert ein kort tunnel under Kollane og ein litt lengre tunnel under Lønningsåsen. Ved Ådland vert det eit toplanskryss, før den nye trasé vert tilpassa den eksisterande, og ein kjem til prosjektet sitt endepunkt ved Stord hestesportsenter.

Vegen som er planlagt er ein firefeltsveg, dimensjonert for fartsgrense 110 km/t. Det er lagt opp til to kryss på strekninga: Eitt ved Heiane og eitt ved Ådland. Gang- og sykkeltrafikken vert leia langs dagens E39. 

I Nasjonal transportplan for 2018-2029 er ikkje E39 Heiane – Ådland/Nordre Tveita omtala. Dette betyr at Stortinget ikkje ser føre seg noko utbygging av vegstrekninga i denne perioden. Statens vegvesen arbeidar difor ikkje vidare med reguleringsplan for dette prosjektet no, men ventar med dette til ei utbygging er nærare føreståande.

Veg:
E39
Fase:
Planfase
Kommunar:
Stord
Fylke:
Vestland
Finansiering:
Stat
Totalkostnad:
2325 mill. 2015-kr.

Området © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Kontaktar

Marius Slinde

Prosjektleiar
Telefon:
909 86 891
E-post:

Sist oppdatert:

Gå vidare