Artikkelen er frå 2010, og innhaldet kan vere utdatert.

I samsvar med plan- og bygningslova, § 4-1 og §§ 11-12, 11-13 samt vedtak i Hovudutval for nærmiljø og kultur i Randaberg kommune 15.06.2010 og vedtak i Kommunalstyret for byutvikling i Stavanger kommune 24.06.2010, legg Statens vegvesen ut forslag til planprogram for utarbeiding av kommunedelplan med konsekvensutgreiing for ny E39 for strekninga Smiene-Harestad. Samtidig blir det varsla oppstart av arbeid med kommunedelplan og konsekvensutgreiing. Forslag til planprogram er utarbeida i samsvar med forskrift om konsekvensutgreiing av 01.07.2009.

Fristen for å komme med uttalar til planprogrammet er sett til 17. september 2010.

Planprogrammet som det nå føreligg forslag til er første fase i arbeidet for ny E39 mellom Smiene og Harestad. Programmet skal fastsette kva som skal utgreiast i neste fase, der det skal lagast konsekvensutgreiing og arbeidast med ein kommunedelplan for strekninga. Det viktigaste med planprogrammet er å fastlegge kva for alternativ som skal utgreiast og kva konsekvensar som skal utgreiast.

Målet med prosjektet er å sikre areal for framtidig utviding av E39 slik at det kan byggast ein fremtidsretta europaveg som er trafikksikker, har god framkomst og som gir gode transportforhold i regionen.

Planområdet

For å avgrense talet på alternativ og for å få fram realistiske alternativ som viser ulike prioriteringer er det gjort ei vurdering av mulege alternativ. I tillegg er det gjort ei utsiling av det alternativet som er teknisk vanskeleg å gjennomføre. Planprogrammet skisserer tre ulike alternativ for framtidig trasé i den sørlege delen. I den nordlege delen er det berre skissert ein trasé med utviding av eksisterande veg.

Ope informasjonsmøte

I samband med at planprogammet ligg ute til offentleg høyring inviterer Statens vegvesen til ope møte på Tasta bydelshus den 26. august kl. 1900-2100.

Merknadsfrist

Frist for å komme med merknader til planprogrammet er 17. september 2010. Vi ber om innspel til kommunedelplanen innan same dato.

Merknader og innspel til planarbeidet må sendast skriftleg til Statens vegvesen Region Vest,
Askedalen 4, 6863 Leikanger.

Kontaktperson i Statens vegvesen er Frode Aarland, tlf.: 55 51 6459 eller epost.

Oversiktskart for kommunedelplan
Aktuelt for fylke: Rogaland