Kommunedelplan med konsekvensutgreiing for E39 mellom Smiene og Harestad blei før jul vedtatt både i Randaberg og Stavanger.

Kommunane vedtok planane for alternativ 1A. Dette alternativet inneber lang kulvert på Tasta og firefeltsveg som skal binde saman E39 mellom Eiganestunnelen og Rogfast.

– Planlegginga av Harestadkrysset blir lagt inn under Rogfast-prosjektet, og vi startar opp med reguleringsplanlegging nå på nyåret, fortel prosjektleiar i Statens vegvesen, Laila L. Christensen Dreyer.

Aktuelt for fylke: Rogaland