Arbeidet med å få utarbeidd reguleringsplan for heile den 55 km lange strekninga mellom Ådland og Svegatjørn vart starta opp i 2020.

Milepelar for arbeidet med reguleringsplanarbeidet E39 Stord-Os (Hordfast) 

  • Reguleringsplan  er planlagt sendt til Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) våren 2023, for vedtak om offentleg utlegging.
  • Reguleringsplanen er planlagt sendt ut på offentleg ettersyn og høyring, sommaren/hausten 2023.
  • I etterkant av høyringa er det Kommunal- og distriktsdepartementet som skal vedta reguleringsplanen.

Prosjektet skal deretter gjennom ei ekstern kvalitetssikring (KS2), før Stortinget kan gjere endeleg gjennomføringsvedtak, og kontraktar med entreprenørar som skal bygge anlegget kan signerast. Statens vegvesen reknar med ei byggetid på omlag sju år.

I gjeldande Nasjonal Transportplan (NTP 2022-2033) ligg prosjektet inne med midlar i 2027.