Artikkelen er frå 2020, og innhaldet kan vere utdatert.

Vegvesenet har besøkt produksjonsskipet Jotun FPSO i jakta på dei beste løysingane for bru over Bjørnafjorden.

- Vi ynskjer å gjere nytte av erfaringane til offshoreindustrien i arbeidet med brukryssinga over Bjørnafjorden, seier delprosjektleiar for E39 Stord - Os, bru over Bjørnafjorden, Kjell Håvard Belsvik.

Delar av prosjektteamet i Ferjefri E39 besøkte i slutten av oktober Rosenberg-verftet utanfor Stavanger der Jotun ligg i tørrdokk. Ho ruver godt der ho ligg i tørrdokka, med lengde på 232 meter og breidde på 41,5 er det nett så vidt det er plass til ho. Vekta er 90 000 tonn.

Jotun FPSO_Stord - Os
Delar av prosjektteamet i Ferjefri E39 besøkte i slutten av oktober Rosenberg-verftet utanfor Stavanger der produksjonsskipet Jotun FPSO ligg i tørrdokk

Endeforankra flytebru

Bruløysinga som er vald for kryssinga av Bjørnafjorden er ei endeforankra flytebru med forankringar til fjordbotnen. Bjørnafjorden er krevjande å krysse då den er fem kilometer brei med ei djupne på opp mot 600 meter enkelte plassar. Køyreturen over brua vil ta cirka 3 minutt mot dagens 45 minuttar lange ferjetur.

- Statens vegvesen har valt flytebru for mogleg ny E39 kryssing av Bjørnafjorden. Konkret bruløysing har forankringsliner til anker plassert på botn av Bjørnafjorden. Offshoreindustrien har fleire tiårs erfaring med forankring av store konstruksjonar både i Nordsjøen og andre steder med krevjande forhold til havs. Då vi fekk vite at Jotun FPSO er inne i tørrdokk i Stavanger, kontakta vi Vår Energi og fekk avtala eit besøk, seier Belsvik.

 

Bru over Bjørnafjorden

Løysingar for å spare miljøet og vedlikehaldskostnadar

Belsvik fortel vidare at vegvesenet og er interessert i overflatebehandlinga på skipet.

Jotun FPSO har bokstavelig talt vore ute i hardt vêr i mange tiår. Overflatebehandlinga liknar på det vi ser for oss på brua, og erfaringane Vår Energi har på dette området er og nyttige for oss når vi skal rekne på kostnader til vedlikehald, fortel Belsvik.


- Brua vert bygga for å halde i 100 år. Med riktige løysningar vi redusere kostnadar til vedlikehald. Til dømes kan talet på nye malingsrundar på brukonstruksjonen verte redusert frå fire til potensielt to i løpet av levetida. Det vil og ha ein betydeleg miljøsparande effekt.

Mykje til felles

Produksjonsskipet Jotun FPSO er eigd av Vår Energi, og har produsert olje frå Jotun-feltet i Nordsjøen sidan 1999. Trond Morten Thomassen i Vår Energi var svært positiv til førespurnaden frå vegvesenet om å kome på besøk, og såg moglegheit for positive synergiar begge veger.

- Statens vegvesen har ansvaret for store byggeprosjekt, i slik som oss. Prosjekta våre har liknande kompleksitet når det gjeld prosjektleiing, kostnadskontroll og tekniske løysingar - sjølvsagt har vi noko å lære av Statens vegvesen, seier Thomassen.

Prosjektleiar Belsvik er godt nøgd med møtet

- Det var eit veldig interessant besøk. Vi har fått ny kunnskap og fått høyre om deira erfaringar. Det tek vi med oss tilbake i vårt arbeid med løysinga for bru over Bjørnafjorden.

 

Aktuelt for fylke: Agder, Vestland, Møre og Romsdal, Rogaland, Trøndelag