Artikkelen er over to år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Vegvesenet fekk cirka 50 merknader ved høyring av planprogrammet hausten 2021. Det blir eigne møter i januar med Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren

Illustrasjon av innkjøring på bru over Bjørnafjorden  fra syd.
Illustrasjon av innkjøring på bru over Bjørnafjorden fra syd. Foto: Dissing og Weitling

– Mange av merknadane gjeld spørsmål rundt folk sine enkelteigedomar. Vi takkar for god informasjon og tek desse med i reguleringsarbeidet på same måte som breva vi fekk ved oppstart av planarbeidet, fortel planleggingsleiar Ellen Slinde.

Alle forslag som er spelt inn vil bli vurdert i det vidare arbeidet med reguleringsplanen.

Vegvesenet vil ta opp nokre merknader med Statsforvaltaren og Fylkeskommunen

– Både Statsforvaltaren og Vestland fylkeskommune hadde innspel som vi ynskjer å ta opp med dei. Statens vegvesen vil ta initiativ til egne møter i løpet av januar, fortel Slinde.

Aktuelle tema:

  • Statsforvaltaren i Vestland ber i sitt innspel til planprogrammet Vegvesenet utgreie eit alternativ med 90 km/t for ein del av strekninga som er under planlegging.

    I forslaget til planprogram er vegstandard omtala slik: «For E39 er det bestemt at ein skal legge motorvegstandard med firefelts veg til grunn i planlegginga av strekningane mellom Stavanger og Bergen. Dette er fastsett i den vedtekne kommunedelplanen. E39 på denne strekninga er ein overordna nasjonal veg utanom tettbygde strøk. Trafikkmengda vil ligge i intervallet for motorvegklasse med ÅDT (gjennomsnittleg døgntrafikk over året) over 12 000. Denne vegklassen stettar kravet om 110 km/t.»

  • Statsforvaltaren ber Vegvesenet oppdatere konsekvensutgreiinga for naturmangfald i heile planområdet og ikkje berre for deler av området.
  • Avbøtande tiltak som verkemiddel ynskjer Statsforvaltaren at blir brukt mellom anna mot oppsplitting/fragmentering av naturområde.
  • Økologisk kompensasjon er planlagt utgreidd som del av reguleringsplanen og Statsforvaltaren understrekar at dette verkemiddelet bør brukast.
  • Vestland Fylkeskommune ynskjer å få synleggjort tilpassing til eksisterande fylkesvegar.

Korleis vil Statens vegvesen bruke innspela?

– Alle forhold som er spelt inn vil bli vurdert av Statens vegvesen i planperioden. Når forslaget til reguleringsplan er klar vil ein sjå om og korleis innspela har påverka løysingane, fortel Slinde.

Reguleringsplan på høyring i 2022

Reguleringsplanen er planlagt lagt ut på offentleg høyring i 2022. Då blir det også arrangert fleire offentlege møte og informasjon om løysingane vil bli lagt ut på prosjektsida. Møtetidspunkt vil bli annonsert.

Planprosess og område for konsekvensutgreiing (KU)

Planprogram for reguleringsarbeidet var på høyring i perioden 15. september til 30. oktober. Det blei gitt utsett høyringsfrist til 22.november for dei som bad om det, mellom anna kommunane og offentlege etatar. Statsforvaltaren bad om utvida høyringsfrist til 30. november.

Planarbeidet er i statleg regi. Kommunal- og Moderniseringsdepartementet (KMD) er planmynde og tek endeleg avgjerd. Kommunane er høyringsinstansar.

Området for ny konsekvensutgreiing ligg mellom Hodnanes ved Langenuen og Beltestad ved Søreidvika (figur 1). Forslag til planprogram viser alternativ som skal utgreiast og kva tema som konsekvensutgreiinga for denne delstrekninga skal omfatte.

I planprogrammet er det også med ei oversikt over kva tema som skal vere med i planomtalen til reguleringsplanen for E39 Stord – Os. Framdrift og medverknad i planprosessen er omtala.

Område for konsekvensutgreiing er vist med gulbrun farge
Område for konsekvensutgreiing er vist med gulbrun farge
Aktuelt for fylke: Vestland