Artikkelen er frå 2019, og innhaldet kan vere utdatert.

I Aksdal møtte 250 deltakarar frå Statens vegvesen, næringslivsforeiningar på Vestlandet, bedrifter og interesseorganisasjonar for å snakke om store vegprosjekt og kva konsekvensar utviklinga kan gi.

Sånn kan det bli sjåande ut i Bjørnafjorden om det blir endeforankra flytebru.
Bjørnafjorden

Vestlandet har ein tredjedel av landets befolkning og 60 prosent av eksportverdien i landet. Likevel tar det over fire timar å køyre frå Stavanger til Bergen, ei strekning på 209 kilometer. Til samanlikning er det 183 kilometer mellom Oslo og Lillehammer, ein tur som tar to og ein halv time. Med prosjektet Ferjefri E39 skal tida det tar å køyre mellom Kristiansand og Trondheim halverast. Strekninga Stavanger-Bergen vil då ta rundt to timar. 

Døgnopen veg

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen seier det ikkje er småtteri som går føre seg på Ferjefri-fronten.

– Vi er skikkeleg godt i gang, sjølv om vi har utfordringar. Spesielt krevjande er å det å krysse lange og djupe fjordar, seier han.  

Han nemner fleire ting som er viktig når det vert byggje i så stor skala som fleire av prosjekta i Ferjefri E39, Nye løysingar og ny kompetanse, kortare reisetid og at vegen blir døgnopen vil ha mykje å seie for mange. I tillegg er det sett på innsparing for tungtransport, der kostnadane vert halvert.

– Mange vil vere takknemleg for den jobben vi gjer no, meiner Moe Gustavsen.

Rogfast

Tor Geir Espedal er prosjektleiar for E39 Rogfast, og er i ferd med å byggje ein 26,7 kilometer lang undersjøisk tunnel som blir verdas lengste og djupaste når den står ferdig. I tillegg vert det bygd eit kryss under Kvitsøy med ventilasjonssjakter med ein diameter på ti meter.

Tor Geir Espedal er prosjektleiar for E39 Rogfast.
Tor Geir Espedal

– Sånne sjakter har aldri vore bygd i Noreg tidlegare, og det er få i utlandet som har bygd, men vi har lært av dei som kan det, seier Espedal.

Hordfast

Signe Eikenes, prosjektleiar for E39 Stord-Os, populært kalla Hordfast, seier det er tre ting kryssinga av Bjørnafjorden handlar om; teknologi, reisetid og kostnad. Sistnemnte har prosjektet klart å redusere kraftig fleire gonger. Diskusjon knytt til trasé har òg vore gjenstand for mange diskusjonar.

– Vi er trygge på at vi har det beste alternativet, seier Eikenes.

Digital tvillingbru

Som eit risikoreduserande tiltak vert det òg bygd ein digital tvilling til Bjørnafjordbrua. Det vil seie ein virtuell kopi av brua kor all informasjon er lagra.

Her kan du lese meir om den digitale tvillingen.

Signe Eikenes er prosjektleiar for E39 Stord-Os.
Signe Eikenes

– Terje Moe Gustavsen var klar på at dette skulle vere ferdig bygd i 2031. Greier de det? spør ordstyrar Atle Kvamme, som til dagleg er næringspolitisk sjef i Bergen næringsråd.

– Ja, det kan vi klare, seier Eikenes.

Stor gevinst

På konferansen presenterte Peter Aalen frå Menon economics ein heilt fersk rapport om produktgevinst for Hordfast, laga på oppdrag frå Hordfast AS. I rapporten kjem det fram at gevinsten gjer ein stor skilnad for samfunnet, og det er ikkje berre Vestlandet som tener på dette.

– Dei fleste store vegprosjekt i Noreg er ikkje lønsame. Hordfast er eit av dei prosjekta med høgast nytteverdi, som gir mest tilbake til samfunnet. Verdiane kjem til å verta spreitt til alle regionar. Bergen kommune får den største biten av denne gevinsten på grunn av sin storleik, medan størst gevinst per innbyggjar får Stord, seier Aalen.

Til slutt fekk vegdirektøren ordet att.

– Rogfast vart fyrste gong nemnt på 90-talet, medan Hordfast på 2000-talet. Det er ikkje lenge sidan ein begynte å prate om kva som er mogeleg å få til. Det er noko å tenkje på for dei som synest bygginga går treigt, og at vi ikkje får til noko.

I tillegg til innlegg var det stand på konferansen. Her er ein gjeng, mellom anna frå Fjordkryssingsprosjektet, samla rundt ein modell av bru over Bjørnafjorden.
Ferjefri

 

 

Aktuelt for fylke: Agder, Vestland, Møre og Romsdal, Rogaland, Trøndelag