Artikkelen er frå 2019, og innhaldet kan vere utdatert.

Både Monica Mæland og Jon Georg Dale tok turen over Bjørnafjorden og til Stord for å sjå kor brua kan krysse Langenuen.

 

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland og samferdsleminister Jon Georg Dale var med på synfaring på Stord.
Monica Mæland og Jon Georg Dale

Den statlege planen for kryssing av Langenuen er til avgjerd hos Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Her er det to alternativ på bordet - ei midtre kryssing og ei sør på Tysnes. Statens vegvesen har tilrådd ei midte kryssing, men seier også at kostnaden mellom dei to alternativa er liten.

Lik kostnad

På ferja frå Halhjem til Sandvikvåg ei oppdatering på E39 Stord-Os generelt, og i Jektevik fekk dei høyre om kryssing av Langenuen.

–  Det kan ligge optimalisering i begge alternativa når vi går ned i detaljane, men sånn det er no så er reisetid og kostnad den same, seier prosjektleiar for E39 Stord-Os, Signe Eikenes.

–  Så den langsiktige investeringskostnaden er lik, seier Dale.  

Håpar på snarleg realisering

Med på synfaringa var ordførarar frå Tysnes, Austevoll og Stord, representantar frå Norges Miljøvernforbund, Samarbeidsrådet i Sunnhordland, Hordaland fylkeskommune og Hordfast AS. Og alle fekk komme til orde under ferjeturen.

Styreleiar i samarbeidsrådet for Sunnhordland og ordførar i Austevoll, Morten Storebø (H), seier at kommunane er einige i at prosjektet hastar å sett i gang.  

Stord-ordførar Gaute Straume Epland (Ap) seier det er brei politisk einigheit om prosjektet.

 – Eg vil peike på to ting om forslaget om totrinns-utbygging. Vi ser helst at heile prosjektet blir realisert i ein eingong. To trinn kan vere akseptabelt så lenge det blir ei snarleg realisering, seier han.

I Os er Gustav Bahus (Frp) opptatt av at ilandføringa blir så skånsom som mogeleg.

Dette uroar fylkeskommunen

– Fylkeskommunen støttar det som kommunane er sagt om søndre kryssing. Dersom staten meiner det er pengar til alt samstundes, så skal ikkje fylkeskommunen legge seg bort i det, seier leiar for miljø og samferdsel i Hordaland fylkeskommune Jon Askeland (Sp).

Askeland tok opp fleire problem som uroa han.

–  Trafikkauke i Bergen er eit problem som fylkeskommunen har i si uttale. Vi er uroa for klimagassutslepp, bompengebelasting og kostnad i prosjektet. Det er også mange dårlege vegar på Tysnes, her må det sikrast oppgradering når den nye vegen kjem.

–  Alle blir ikkje nøgd

Samferdsleministeren  synest det var nyttig å høyre kva lokalpolitikarane meiner.

–  Å lande eit traséval er ekstremt krevjande, og alle blir ikkje nøgd. No skal Monica og eg jobbe så raskt som mogeleg for å ta ei avgjerd. Vi skal vidare i prosjektet. Det ulike omsyn må vektast, og vi har fått i oppdrag å optimalisere alle prosjekt. Dette er ein viktig jobb for å ikkje bidra til kostnadsvekst.

 Han tok også eit oppgjer med dei som krev endra traséval.

–  No skal vi velje trasé på siste delen av dette prosjektet. Vi skal ikkje kaste alle ballane opp i lufte og begynne på nytt. Det vi driv med handlar om to ting; å styrke konkurranse og bygge større bu- og arbeidsområde. Trasévala er historie.

 

 

 

Aktuelt for fylke: Agder, Vestland, Møre og Romsdal, Rogaland, Trøndelag