Artikkelen er over to år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen har fått kartlagt naturmangfaldet i planområdet for E39 Stord-Os (Hordfast). Rapporten frå Asplan Viak supplerer naturkartegginga frå kommunedelplanen frå 2015.

– Vegvesenet er svært opptekne av å få eit best mogleg kunnskapsgrunnlag når det gjeld naturmangfaldet i dette planområdet. Regjeringa har også understreka at dei vil at ein framtidig E39 Stord-Os skal øydeleggje minst mogleg av verdifull natur. Då er det viktig at vi har god oversikt og kunnskap om kvar denne finst, seier planleggingsleiar Ellen Slinde.

Kartlegginga av området vart utført i feltsesongen i 2020 og omfatta naturkartlegging og verdivurderingar både på land, i vassdrag og i sjøen. Rapporten dannar ein del av grunnlaget for justering og forbetring av veglinja som vart vedteken i kommunedelplanen i 2019.

Nasjonal ekspertise

– Asplan Viak er kjende med området frå undersøkingar i samband med kommunedelplanen. For å dekke mest mogleg av undersøkingsområdet og tema, har dei i tillegg hatt med seg fleire underleverandørar. Blant kartleggarane finn me mellom anna nasjonale ekspertar på boreonemoral regnskog, som er ein viktig naturtype på Tysnes, fortel planleggingsleiar Slinde.

Fleire nye lokalitetar

Denne siste kartlegginga registrerte 137 nye naturtypelokalitetar. Totalt er det nå registrert 202 naturtypelokaliteter på land innanfor undersøkingsområdet.

Dei største kategoriane i denne registreringa er:

  • 53 kystmyrlokalitetar
  • 27 lokalitetar med store gamle tre
  • 16 rik sump- og kjeldeskog
  • 14 regnskogslokalitetar

Innanfor dei kartlagde områda vart det også registrert over 700 førekomstar av raudlista plantar, lav, mose og sopp.

 

Figur 1. Viser kva naturtypar som vart registrert i 2020, og tal på nye lokalitetar for kvar type (Asplan Viak, 2021).
Figur 1. Viser kva naturtypar som vart registrert i 2020, og tal på nye lokalitetar for kvar type. (Asplan Viak, 2021)

Fleire registreringar framover

Den førre kartlegginga blei gjort tilbake i 2015 i samband med kommunedelplanen. No er prosjektet i reguleringsplanfasen og  undersøkingsområdet er innsnevra og fleire viktige detaljar er kartlagt og registrert.

–Det neste året skal vi registrere og måle blant anna myrer, skog, vassdrag og anna som vi ser vegen får følgjer for. Informasjonen  vil bli nytta for å gjere ei best mogeleg vurdering av kor veglinja skal gå, understrekar Slinde.

Desse målingane vil også danne ein del av grunnlaget for klimabudsjettet som skal utarbeidast.

Vassdrag og marine kartleggingar

Kartlegginga undersøkte mange større og mindre vassdrag med tanke på fisk, særleg sjøaure og ål. Lokalkjende kom med god informasjon om ål til fiskebiologane som kartla vassdraga.

I samband med optimalisering av veglinjene skal vi sjå på alternative kryssingar av Søreidsvågen. Her er det difor supplert med marine naturkartleggingar, som viser at det er lokalt viktige verdiar i planområdet.

Hjortetrekk og tilrettelegging av faunapassasjar

Det er også gjort supplerande undersøkingar kring hjort og hjortetrekk.

– Det er mykje hjort i dette planområdet, og det må leggast til rette for faunapassasjar på strategiske plassar. Ti viktige trekkvegar for hjort vart blant anna registrert. Ein i Os, to på Stord og sju på Tysnes. Lokale jegerar og grunneigarar bidrog med verdifull kunnskap i dette arbeidet, understrekar Slinde.

Framleis mykje kartleggingsarbeid

Det står enno att nokre område å kartlegge. Dette gjeld i hovudsak mellom Økland og Hodnaneset på Tysnes, og noko langs ny trasé på Stord. I tillegg skal nokre insektgrupper kartleggast, og desse lokalitetane er spreidde i planområdet. Det vil difor også i 2021 dukke opp ein naturkartleggar nær deg om du bur i planområdet til E39 Stord-Os.

– Me håper dei vert godt mottekne, slik som dei vart i 2020. Dette arbeidet er svært sentralt og viktig for oss, oppfordrar Slinde.

Kontaktperson:

Ellen Slinde, Planleggingsleiar

E-post: 

Tlf. 99 20 32 38

I samband med naturkartlegging og reguleringsplanarbeid er vi ute i felt, fortel Ellen Slinde. Foto: Eli Mundhjeld, Statens vegvesen
Aktuelt for fylke: Vestland