Artikkelen er over to år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Dei første skissene for korleis det vil kunne sjå ut på Røtinga når bru over Bjørnafjorden kjem i land, vart presentert for Bjørnafjorden kommune 16. mars.

Foreløpig konseptskisse for Røtinga, Bjørnafjorden Kommune. Skissen viser en mulig arkitektonisk utforming av området (Illustrasjon: Dissing+Weitling/Statens vegvesen)
Foreløpig konseptskisse for Røtinga, Bjørnafjorden Kommune. Skissen viser en mulig arkitektonisk utforming av området (Illustrasjon: Dissing+Weitling/Statens vegvesen)

–  Vi ynskjer konkrete innspel på kva Bjørnafjorden ønskjer å gjere med området slik at det får ein nytteverdi, seier planleggingsleiar Ellen Slinde. Saman med kollega Helen Gjærde la dei fram konseptskissene for Plan-, bygg- og miljøutvalet og fortalde kort om status i arbeidet med reguleringsplanen.  

Kommunen kan påverke etterbruken av området rundt brufestet 

Den fem kilometer lange flytebrua over Bjørnafjorden frå Tysnes kjem i land på Røtinga, i ei kort dagsone før vegen går inn i ein sju kilometer lang tunnel som tek bilistane direkte til Ulvenvatnet og Kolskogen på Os. Den lange tunnelen vil generere eit masseoverskot som kan nyttast på ein samfunnsnyttig måte. 

I den planlagde perioden med anleggsgjennomføring treng ein areal til maskinar og arbeid i området og i sjø. Møtet med Bjørnafjorden kommune handla i stor grad om etterbruken av området og politikarane fekk sjå dei siste skissene som er utarbeidd av Vegvesenet. 

– Etter anleggsfasen kan Vegvesenet tilbakeføre området til natur eller det kan lagast planar for friluftsliv, rekreasjonsområde, båtar eller det kommunen måtte ønskje. Bjørnafjorden kommune kan i denne fasen påverke korleis eller kva dei ønskjer å bruke området til, seier Slinde. 

Bygginga av brua vil mellom anna krevje masseutfylling i sjø 

– Vi ser at det i området der brua skal ilandførast ved Gulholmane og Røtinga må lagast ei utfylling av massar i sjøen og vi vil måtte lage noko nytt landareal. Det er sjølve fundamentet for brua som kjem her og tunnelportalen. Området skal sjå fint ut i etterkant, men det vil bli ein lengre anleggsperiode i området. 

Ideskisser for utforming av området ved Røtinga er utarbeidd og arbeidet med dette vil trappast opp i tett samarbeid med Bjørnafjorden kommune. 

Konseptskisse som skisserer en løsning for Røtinga hvor bru over Bjørnafjorden kjem i land. Konseptskisser er nyttige for å utforske ulike løysingar for ein problemstilling.
Konseptskisse som skisserer en løsning for Røtinga hvor bru over Bjørnafjorden kjem i land. Konseptskisser er nyttige for å utforske ulike løysingar for ein problemstilling (Illustrasjon Dissing+Weitling).
Aktuelt for fylke: Vestland