Vegvesenet har utarbeida Konseptvalutgreiing (KVU) og Statleg kommundelplan i forkant av statleg reguleringsplan for E39 Ådland-Svegatjørn.

Planarbeidet vart starta med ei Konseptvalutgreiing (KVU) for strekninga E39 Aksdal-Bergen i 2010.

På bakgrunn av utgreiinga avgjorde regjeringa i desember 2013 å gå vidare med statleg kommunedelplan for strekninga E39 Stord–Os, midtre linje, med bru over Bjørnafjorden.

Kommunedelplanen vart vedteken av Kommunal- og moderniseringsdepartementet den 5. september 2019, og det vart i vedtaket lagt føringar for det vidare arbeidet med reguleringsplan. Langenuen skal kryssast i sør med bru mellom Jektevik og Hodnanes,  i samsvar med lokale- og regionale ynskje.

E39 Ådland-Svegatjørn (Stord-Os)