Statens vegvesen starta opp arbeida med reguleringsplan for E39 Stord-Os i 2020. Arbeidet pågår.

Planoppstart vart varsla i september 2020 - sjå varslingsbrev frå september 2020 om planoppstart for statleg reguleringsplan for E39 Stord – Os (Hordfast) i kommunane Stord, Tysnes og Bjørnafjorden.

Status for planarbeidet per november 2022:

Planprogrammet til E39 Stord-Os er oppdatert etter høyringa

Statens vegvesen har utarbeida forslag til planprogram for statleg reguleringplan.
Planprogrammet for statleg reguleringsplan for E39 Stord–Os (Ådland-Svegatjørn) var på offentleg ettersyn og høyring i perioden 15. september til 30. november 2021. I samband med høyringa fekk Statens vegvesen 47 brev.

Til innhaldet i planprogrammet kom det inn nyttige merknader og spørsmål. Dei viktigaste endringane som er gjort etter høyring er:

  • Det skal lagast ei eiga utgreiing der redusert vegstandard blir vurdert. Både fartsgrense 90 km/t, 100 km/t, smalare 4-feltsvegveg og 2/3-feltsveg skal belysast for å få fram konsekvensar for mellom anna kostnader, nytte, naturinngrep, trafikksikkerheit og andre miljøtema. Dette arbeidet vil bli lagt fram for Samferdselsdepartementet med ei fagleg anbefaling frå Statens vegvesen om videre planarbeid. Når departementet har kome med si tilbakemelding, vil det bli utarbeidd eit planforslag som er i samsvar med departementet sin konklusjon.
  • Som del av reguleringsplanen vil det bli gjort ei samla vurdering av konsekvensar for naturmangfald. Alle nye registreringar og oppdatert status vil bli vurdert både i høve til omfang og verknader av tiltaket og synleggjort i planomtale/fagrapportar. Planforslaget skal ha med vurderingar etter naturmangfaldlova.
  • Det vil bli utarbeidd ei eiga konsekvensutgreiing for massedeponi
  • Samanstillingsområde i Søreidsvika der bruelementa skal settast saman vil bli teke inn i og konsekvensutgreidd saman med området Hodnanes – Beltestad
  • Framdriftsplanen er oppdatert
  • Det er lagt inn ein detaljert plan for medverknad for statleg reguleringsplan

Oppdatert planprogram for E39 Stord-Os (Hordfast)

Planprogrammet gjer greie for dei problemstillingar reguleringsplanen skal omfatte. Den omtaler mellom anna at det vil bli gjennomført ei konsekvensutgreiing (KU) for ein del av strekninga der føremålet er å sikre at viktige miljø- og landskapsomsyn blir vurderte.

I planprogrammet er det også med ei oversikt over kva tema som skal vere med i planomtalen til reguleringsplanen for E39 Stord – Os. Framdrift og medverknad i planprosessen er omtala.

Forslaget var lagt ut på høyring hausten 2021. Prosjektet fekk inn omlag 50 merknader. Alle forslag som er spelt inn vil bli vurdert i det vidare arbeidet med reguleringsplanen.

Både Statsforvaltaren og Vestland fylkeskommune hadde innspel som vegvesenet ynskjer å drøfte med dei.

Vidare milepelar for arbeidet med reguleringsplanen: 

  • Reguleringsplan med tilleggsutgreiing er planlagt sendt til Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) – hausten 2022.
  • Reguleringsplan lagt ut til offentleg ettersyn (høyring) – avhengig av vedtak frå KDD) – vert mest truleg hausten/vinteren  2022/2023
  • Planvedtak frå Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) – hausten 2023.

Kart over varslingsområde

Kontakt

Bruk gjerne prosjektet si felles e-postadresse

Har du spørsmål om planarbeidet kan du kontakte prosjektet mellom 09.00 og 15.30.

Ellen Slinde, tlf. 992 03 238 (Ansvarlig Tysnes kommune)
Helen Gjærde, tlf. 918 01 871 (Ansvarlig Bjørnafjorden kommune)
Jonas Dalland tlf. 476 23 272 (Ansvarlig Stord kommune)
Arve Tjønn Rinde tlf. 930 31 874 (Prosjektsjef)

Gå vidare