Artikkelen er frå 2016, og innhaldet kan vere utdatert.

I samband med planlegging av E39 Volda-Furene, vil Statens vegvesen region midt, gjennomføre nødvendig stikking og grunnundersøking med seismikk over fleire eigedomar.

Undersøkinga er planlagt utført tidleg på nyåret og seinast innan utgangen av januar 2017.

Om grunnundersøkingane

Grunnundersøking med seismikk vert utført for å kartlegge fjelloverflata og kvaliteten på fjellet der tunnelen mellom Volda og Furene planleggast. Ved seismiske undersøkingar vert det lagt ut kablar på terrengoverflata i ei rett line. Små spyd (geofonar) vert stukke ned i jorda og små sprengladningar vert deretter fyrt av ei og ei for å skape seismiske bølgjer i grunnen. Sprengladningane medfører ikkje merkbare rystingar, men gir kraftige smell.

Ta kontakt!

Skulle du ha spørsmål eller behov for meir informasjon, kan Kåre Ingolf Karlson kontaktast på tlf. 90 59 50 96. Planprosjektleiar Astrid Eide Stavseng kan kontaktast på tlf. 91 74 84 68.

Les heile brevet med vedlegg som er sendt grunneigarar.

Utstyr til seismiske grunnundersøkingar ( Foto: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke: Møre og Romsdal