• Det er bandlagt store areal for ei framtidig veglinje mellom Volda og Furene. Mykje av dette er sentrumsnært areal som ein ynskjer å nytte til utbygging
  • Vegen gjennom sentrum av Volda er ueigna som stamveg pga. smal veg, krappe kurver og sentrumsbebyggelse.
  • Det er relativ tett trafikk i forhold til vegstandard. Dette medfører redusert framkommeligheit noko som er  problematisk for kollektivtrafikken, og då særleg Timesekspressen.
  • I sentrum medfører trafikken miljøulemper både for dei som bur langs vegen, og for dei som går og syklar.

Regionale og nasjonale målsetjingar ved prosjektet:

  • Binde saman vegprosjekt som gir endra trafikkmønster: Rv. 653 Eiksundsambandet og E39 Kvivsvegen.
  • Inngå i den langsiktige utbetringa av E39, nord-sør som bind saman byane langs kysten.
  • Redusere reisetid.
  • Betre forutsigbarheit, særleg for langdistansetransportar.
  • Redusere talet på ulykker og ulykkeskostnadane totalt på trafikk mellom Volda og Furene.

Lokale målsetjingar ved prosjektet:

  • Avklare arealbruken i sentrum.
  • Avlaste dagens veg og då særleg minske tungtrafikk gjennom sentrum.
  • Redusere miljøulemper for naboar til E39 og sentrumsområdet i Volda.

E39 Volda–Furene