Artikkelen er frå 2021, og innhaldet kan vere utdatert.

Bruk av aluminium i bygging av bru over Langenuen kan gje lågare kostnadar- og Co2 utslepp, redusert vedlikehald og ei fleire tusen tonn lettare bru.

Dette viser resultatet frå eit FoU prosjekt i regi av Statens vegvesen i samarbeid med Hydro, Leirvik AS, NTNU, Dr. techn. Olav Olsen, og SINTEF.

 – Den største lasta for brua er eigenvekta til brukassen. Når vi erstattar stål med aluminium kan eigenvekta for heile brua verta redusert med fleire tusen tonn, seier Kjell Håvard Belsvik, fagansvarleg for bru over Langenuen i Statens vegvesen.

 Lettare vekt får ein rekkefølgjeeffekt på alle dei andre komponentane i brua. Håpet er å få lågare byggekostnader for brua over Langenuen.

Sjå filmen om aluminium som framtidas byggemateriale for brubygging

 

  

Aktuelt for fylke: Agder, Vestland, Møre og Romsdal, Rogaland, Trøndelag