Strategien er eitt av dei sju vedlegga til grunnlagsdokument for Nasjonal transportplan, som transportetatane la fram på måndag.

Utviklingsstrategi for E39 seier korleis det er mogeleg å planleggje og byggje en utbetra og ferjefri E39 mellom Kristiansand og Trondheim i løpet av 20 år. Hovudkonklusjonane er at med eit teknologisk utviklingsløp på 2-7 år vil det vere mogeleg både teknisk og når det gjeld planlegging å byggje alle fjordkrysningane. Det vil vere økonomisk utfordrande. 

Foto: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke: Agder, Vestland, Møre og Romsdal, Rogaland, Trøndelag