Når E39 Rogfast og E39 Hordfast opnar, tyder trafikktala på at vi vil få krav om rømningsveg i Bømlafjordtunnelen.

Gruppearbeid under KVU-verkstedet for E39 kryssing av Bømlafjorden.
Gruppearbeid under KVU-verkstedet for E39 kryssing av Bømlafjorden. Foto: Ingvild Amble

Dette kravet kan komme så tidleg som i 2034. Konseptvalutgreiinga KVU E39 Kryssing av Bømlafjorden søker å gje svar på korleis vi kan auke kapasiteten og samtidig betre tryggleiken ved kryssing av Bømlafjorden. I slutten av august arrangerte Statens vegvesen KVU-verkstad for å få fram ulike synspunkt på kva som er viktig å vektleggja i prosjektet og, ikkje minst, få fram deltakarenes forslag til ulike løysingar.
Ellen Johnsen Haaberg frå Statens vegvesen la godt til rette for diskusjonar, kreativitet og deling av idear.

Ellen Johnsen Haaberg fra Statens vegvesen la godt til rette for gruppearbeid under verkstedet.
Ellen Johnsen Haaberg fra Statens vegvesen la godt til rette for gruppearbeid under verkstedet. Målet er å finne gode løsninger. Foto: Ingvild Amble

Tunnel eller bru?

– Bømlafjorden er djup og den eksisterande tunnelen har stor stigning i begge endar. Dette gjer det utfordrande å byggja eit parallelt løp. Samtidig vil eit parallelt løp gje rømmingsvegar, som er påkravd om talet på bilar gjennom tunnelen aukar, seier prosjektleiar Ole-Mathias Nes frå Statens vegvesen.
Han understrekar at ny standard for tunnelar ikkje gjer rom for så store stigningar, men at eit nytt løp under Bømlafjorden kan verte vurdert som ein utbetring av den eksisterande tunnelen.
– Samstundes veit vi at stigningar på fem til åtte prosent og meir, gjer at tunnelen ofte er stengt fordi særleg tunge bilar får problem både oppover og nedover. Difor må vi og vurdere lengre og flatare tunnel, bruløysingar eller andre tiltak som reduserer trafikkmengda. Det finst til dømes ulike typar bruer vi kan sjå på, slik at vi tek omsyn til båt- og skipstrafikken. Men her må vi vere ekstra oppmerksame på seglingshøgde, da dette er den siste leden inn mot Leirvik og fjordbassenget innanfor. Samstundes skal vi ta omsyn til både natur- og kulturområde og korleis ei ny kryssing vil påverke klimaet.

Vil ha meiningane til både næringslivet og lokalbefolkninga

På KVU-verkstaden framheva Norges Lastebileier-Forbund at kryssinga av Bømlafjorden er svært viktig for næringslivet i området, men at den store stigninga er kostbar for tungtrafikken og at dei hyppige stengingane utfordrar sjåføranes køyre- og kviletid. Vidare kan det synes som det er ulike interesser mellom dei som vil bruke E39 som ein kort og rask nasjonal rute og dei som i all hovudsak nyttar vegen lokalt.
– Det var eit bra engasjement på verkstaden, der ulike interesser og synspunkt kom fram. Det er jo og hensikta med ein slik verkstad. No ser vi i prosjektgruppa fram til å jobbe vidare med prosjektet, seier Ole-Mathias Nes. Han seier og at han saknar dei unge stemmene, og at det enno er mogleg for ungdomsrepresentantar for til dømes politiske parti eller interesseforeiningar å melde sin interesse for å vere med i referansegruppa.
– Vi vil gjerne og ha med fleire frå næringslivet i regionen, seier Nes.

Verksteddeltakerne jobber med nye løsninger for kryssing av Bømlafjorden.
Verksteddeltakerne jobber med nye løsninger for kryssing av Bømlafjorden. Foto: Ingvild Amble

Kryssinga er viktig for min kvardag

Per Inge Svalland, NLF Hordaland, var ivrig deltaker på KVU-verkstaden.
Per Inge Svalland, NLF Hordaland, var ivrig deltaker på KVU-verkstaden. Foto: Ingvild Amble

Per Inge Svalland representerte Norges Lastebileier-Forbund i Hordaland, og syntest det var kjekt å komme i dialog med dei som styrer prosjektet.
– Det kjennes bra å få meine noko om ein strekning eg køyrer dagleg. Betre kapasitet på kryssinga av Bømlafjorden vil ha direkte innverknad på min kvardag, og for bransjen vil det gje ein meir føreseieleg trafikkflyt. Stengingar har direkte innverknad på kostnader og inntekter, og dagens tunnel er lite energieffektiv fordi vi bruker mykje drivstoff.

Spennande med ulike synsvinklar

– Dette er et engasjerande opplegg, seier Eva Birgitte Teige frå Vestland fylkeskommune.
Ho er kommunekontakt for Stord, Fitjar, Sveio og Bømlo, som alle er omfatta av kryssinga.

Eva Birgitte Teige frå Vestland fylkeskommune
Eva Birgitte Teige frå Vestland fylkeskommune syntes verkstaden var eit spennande opplegg. Foto: Ingvild Amble

– Det er spennande med grupper der eg kan diskutere med folk som har andre interesser i prosjektet enn eg, og difor ser saken frå ein annan ståstad. Og det er moro å sjå dei ulike løysingane gruppene kjem opp med. Eg bur på Bømlo, så dette prosjektet er jo viktig for meg som privatperson og.

Linn-Therese Erve, ordførar i Sveio kommune.
Linn-Therese Erve, ordførar i Sveio kommune, meiner kryssinga av Bømlafjorden er særs viktig for regionen. Foto: Ingvild Amble

Viktig for kommunane og regionen

Ordførar i Sveio, Linn Therese Erve, meiner strekninga blir særs viktig i samband med Rogfast og Hordfast.
– Utan betre kapasitet på kryssinga, blir Bømlafjorden ein flaskehals som vil stoppe trafikken og gi de to andre store vegprosjekta mindre effekt. Dette var ein veldig viktig og nyttig dag, der eg har fått kome med viktige innspel tidleg i prosessen. Dette er eit viktig prosjekt for Sveio og for heile regionen, og eg er forsiktig optimist og trur eg sjølv får oppleve at vi tek den nye kryssinga i bruk, smiler ordføraren.

Aktuelt for fylke: Vestland