Det er starta opp reguleringsplanarbeid for fv. 600 (tidlegare fv. 484) Vievegen, gang- og sykkelveg i Førde kommune. Bakgrunnen for dette prosjektet er eit manglande ledd i gang- og sykkelvegsambandet langs fv. 600 forbi sentralsjukehuset. Når denne parsellen er bygd er det samanhengande gang- og sykkelveg langs heile fv. 600 mellom Prestefoss og Kronborg. 

Tiltaket er førebels kostnadsrekna til 16 mill. kr. (2012).

Reguleringsplanen for fv. 484 Vievegen, gang- og sykkelveg vart vedteken i Førde bystyre 16.02.2017. Helse Førde klaga på vedtaket, og Fylkesmannen fatta i september 2017 vedtak om ikkje å ta klaga til fylgje. 

Prosjektet er no i prosjekteringsfasen. Byggestart blir sannsynlegvis hausten 2021.

Fv. 484 Vievegen
Fv. 484 Vievegen, gang- og sykkelveg