Artikkelen er frå 2019, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen har i samråd med Førde kommune utarbeida utkast til detaljreguleringsplan for fv. 481 Angedalsvegen del 1.

Planområdet detaljreguleringsplan fv. 481 Angedalsvegen

Reguleringsplan

Planen har ei lengd på om lag 400 meter, og går frå avkøyrsle til Vaskarvollen og nesten til krysset til Presteholten. Planen viser køyreveg med fortau og separat sykkelveg. Fortau og sykkelvegen ligg på oppsida av Angedalsvegen. Veglinja vert om lag slik den er i dag, men veganlegget vert heva inntil 0,5 meter for å kome klar 200 års flaum med klimapåslag. Bygging av denne løysinga gjer at ein må løyse inn 3 eigedommar og rive tilhøyrande bustadhus. Fleire eigedommar og bygningar får vegløysinga mykje nærmare seg enn slik tilhøva er i dag.

Angedalsvegen er delt i to reguleringsplanar, men vil bli utbygd som eitt samla prosjekt.

Merknader

I samsvar med plan- og bygningslova §12-10 blir planforslaget lagt ut til offentleg ettersyn frå 25. juni. Frist for å komme med merknader til planen er 3. september 2019.

Merknader skal sendast skriftleg til
• Førde kommune, Boks 338, 6802 Førde,
• eller som e-post til postmottak@forde.kommune.no

Plandokumenta kan du laste ned i høgre menylinje.

Du finn dei også på
• Servicetorget i Førde rådhus
• Førde Bibliotek i Førdehuset
• kommunen si heimeside på internett under kunngjeringar https://www.forde.kommune.no/om-oss/kunngjeringar

Informasjonsmøte

Det skal vere eit ope møte der planen vert presentert den 19. august kl. 1800-1900 i Førde rådhus. Etter møtet vert det høve til å snakke med planleggar, grunnervervar og prosjektleiar i Førdepakken.

Kontakt

Spørsmål kan rettast til Vigdis Lobenz på tlf. 975 17 380/e-post eller planprosjektleiar i Statens vegvesen, Magna Vangsnes  

Aktuelt for fylke: Vestland