Artikkelen er over eitt år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

KVU Nord-Noreg viser kor viktig denne landsdelen er – for heile landet, seier prosjektleiar Signe Eikenes i denne episoden av podkasten Snakk i vei.

Samferdsledepartementet har bestilt utgreiinga, som skal leverast sommaren 2023. KVU Nord-Noreg omfattar alle transportformer: Veg, jernbane, luftfart og sjøtransport.

Høyr podkasten "Snakk i vei" frå 3. mai då Signe Eikenes, prosjektleder for KVU Nord-Norge, var gjest.

– Det er ei stor utgreiing vi er i gang med, seier prosjektleiar Signe Eikenes.
– Det handlar om alle transportformer, og det handlar om ein stor landsdel. Det er eit samarbeidsprosjekt mellom alle transportetatane, og vi tek for oss heile Nord-Noreg og Svalbard.

– Utgreiinga set fokus på Nord-Noreg, og viser kor viktig landsdelen er – ikkje berre for dei som bur der, men for heile landet, seier Eikenes i podkasten.

Sortlandssundet, og riksveg 85 Sortlandsbrua.Foto.
Sortlandssundet og riksveg 85 Sortlandsbrua. Foto: Tomas Rolland, Statens vegvesen
Aktuelt for fylke: Nordland, Troms og Finnmark