Frå 2009 til 2010 vart det gjennomført arbeid med kommunedelplan med konsekvensutgreiing (KU) for rv. 15 over Strynefjellet frå Hjelledalen i Stryn kommune til Breidalen i Skjåk kommune.

Formålet med prosjektet var å bygge ut rv.15 til full standard og sikre god regularitet heile året.

Statens vegvesen Region vest skulle utarbeide planprogrammet, medan Stryn og Skjåk kommune var ansvarleg planstyresmakt for arbeidet med kommunedelplanen og for konsekvensutgreiinga.

Planarbeidet hadde fokus spesielt på to område: 

  • Betre vinterregularitet: Spesielt viktig er det å sikre veg mot snøskred i Grasdalen.
  • Utbetring av tunnelane: Det er trong for ei sikkerheitsoppgradering og utviding av tunnelprofil.

Tiltak på begge dei nemnde områda er kostbare, til saman har dei ein prislapp på fleire hundre millionar kroner.

Målet med planprosessen var å sjå tiltaka i samanheng, og også sjå på nye vegliner som alternativ til utbetring av eksisterande veg.

Ein endeleg kommunedelplan vart aldri vedteken. I mars 2010 fekk Vegdirektoratet i oppdrag frå Samferdsledepartementet å gjennomføre ei intern utgreiing, ei konseptvalutgreiing(KVU) for rv15 Strynefjellet.

Her skal strekninga sjåast i samanheng med KVUen på E39 Skei-Moa, og samspelet med andre aust-vest korridorar.

Arbeidet som vart lagt ned i kommunedelplanen vil inngå som ein del av materialet som skal vurderast i KVU for Rv 15 Strynefjellet.

Ei eventuell ferdigstilling av denne planen vil vere avhengig av kva konsept som vert vald i KVUen.