Rv. 13 Ryfast

Heilt sidan midten av 1970-talet har Ryfylke hatt ein visjon om og arbeidd for eit samband til Stavanger-halvøya. I lang tid var det tale om kryssing av Høgsfjorden med røyrbru.

Bru-konseptet stranda, og etter ein lang og tidkrevjande prosess blei politikarane samde om å satse på Ryfast som fastlandssamband. I dei ti siste åra er det difor arbeidd med å utvikle planar for fastlandssambandet.

Det er i dag to ferjesamband mellom Ryfylke og Nord-Jæren: Stavanger–Tau og Lauvvik–Oanes.

Ferjene bind saman Ryfylkekommunane Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsand, med om lag 19 500 innbyggarar, og regionsenteret Stavanger og resten av Nord-Jæren.

Dei er også regionens hovudsamband til det nasjonale transportnettet: E39 Kyststamvegen, Stavanger lufthavn Sola og Risavika havn.

Eit av prosjektets hovudføremål er å gi eit enklare og betre samband mellom Ryfylke og Nord-Jæren enn dagens ferje- og snøggbåtsamband.

Stavanger–Tau er eit samband med mykje trafikk. I 2010 reiste i snitt 2192 personar med dette sambandet dagleg. Dagleg nyttar 1580 køyrety sambandet.

Sambandet Lauvvik–Oanes har omtrent same biltrafikk som Stavanger–Tau, med en ÅDT på 1573 i 2009. I snitt reiste 1300 personar med dette sambandet dagleg i 2010.

Ryfast er eit typisk ferjeavløysingsprosjekt der problema i samband med ferjebruk forsvinn når prosjektet er ferdig.

I Stavanger legg ferja til kai i sentrum, og trafikken gir ekstra press på vegnettet. Trafikken frå Hundvåg og dei andre byøyane må over Bybrua og gjennom sentrum. Kapasiteten er i dag sprengd og det er mykje kø i rushtida. Presset på vegane hindrar utvikling og busetting på Hundvåg. Stavanger kommune har et sterkt behov for å leggje til rette for næringsliv og busetting på Hundvåg.

Ryfastprosjektets andre hovudføremål er å gi innbyggjarane og næringslivet på Hundvåg/Buøy eit nytt samband til fastlandet for å leggje til rette for utvikling og busetting og næringsliv på øyene.

E39 Eiganestunnelen

Tasta/Eiganesområdet har i dag enorm gjennomgangstrafikk. Når Eiganestunnelen er ferdig, blir trafikken på rundt 35.000 køyretøy flytt til ein betre og sikrare veg.

Bygging av Eiganestunnelen skal avlaste lokalvegnettet for gjennomgangstrafikk. Det er eit mål at prosjektet fører til miljøforbetring langs dagens veg og at vegutbygginga fører til færre trafikkulukker.

Framkomsten på vegane blir betra, fordi E39 Eiganestunnelen gir mykje større kapasitet og kortare reisetid for trafikantane. Dette gjer også tilhøva for kollektivtrafikken betre.

Prosjektet er ein del av E39 Kyststamvegen mellom Kristiansand og Trondheim og inngår i det overordna transportnettverket i landet. Det skal etablerast eit trafikksikkert vegsystem der ein løyser vegen sin funksjon både som stamveg og lokal hovudveg.

Ryfast