Artikkelen er frå 2018, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen er nå ferdig med å utvide Tanangervegen til fire felt mellom Sømmebakken og Sola skole. Fredag 9. november klipper statssekretær Tommy Skjervold snora.

- Vi er glade for at både dei som køyrer, syklar og går nå kjem betre fram på denne strekninga, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Pål Thornes.

Strekninga er ein del av Transportkorridor vest, og blir finansiert gjennom bompengar i Bymiljøpakken.

Tryggare skoleveg

Strekninga, som er 1,3 kilometer lang, har ikkje berre fått eit ekstra køyrefelt.

- I tillegg til fire felt for bilane og ny rundkøyring ved Kolnesvegen, har vi bygt gang- og sykkelveg på begge sider. Vi har fått nytt busstopp ved Sola skole, og ny, lys undergang ved skolen. Vi har også bygt nye tilkomsvegar, mellom anna til Hammaren barnehage, fortel Thornes.

Store delar av strekninga har også fått støyskjerming mot vegen.

To år med anleggsarbeid

Anleggsarbeidet starta i oktober 2016. Då hadde Statens vegvesen allereie jobba i Sømmevågen og på Flyplassvegen i to år.

Statens vegvesen har jobba på strekninga utan å stenge for biltrafikk. Dei som går og syklar har hatt dei største ulempene, med ein god del omvegar i anleggsperioden.

- Dei som bur og køyrer i området har vore tolmodige. Det er vi glade for. Nå håpar vi dei er nøgde med det vi har bygt, seier prosjektleiaren.

Eige felt for tungtrafikk

Når vegen opnar fredag blir eitt av felta i kvar retning reservert tungtrafikk. Tungtrafikkfeltet inkluderer ei endå lenger strekning, frå Solasplitten til Sola skole. Det er første gong i Norge at vi får eit slikt felt.

- Målet er betre framkomst for næringstrafikken, etter kvart til og frå Risavika hamn, fortel Thornes.

Dette er bygt 

  • Utviding til fire felt i Tanangervegen frå Sømmebakken Kolnesvegen
  • ny rundkøyring ved Kolnesvegen
  • ny undergang ved Sola skole
  • ny tilkomstveg til Hammaren barnehage
  • ny tilkomstveg og parkering til Salem
  • gang- og sykkelvegar på begge sider av vegen på heile strekninga
  • ny busshaldeplass ved Sola skole
  • ny ballbinge til Sola skole
  • støyskjerming langs store delar av vegen

Finansiert av Bymiljøpakken

Prosjektet har kosta cirka 164 millionar kroner, noko som er lågare enn anslått. Rogaland fylkeskommune forskotterte prosjektet, slik at Statens vegvesen kom tidleg i gang med å bygge. Det er bompengar frå Bymiljøpakken som har finansiert prosjektet.

Det er Stangeland Maskin AS som har vore hovudentreprenør.

Inviterer til markering fredag

Statssekretær Tommy Skjervold (Frp) klipper snora klokka 10:30. Regionvegsjef Helge Eidsnes skal også vere til stades.

Dei som ønskjer å delta på markeringa må møte ved Sola skole klokka 10:15.

Etter markeringa, klokka 12, blir det lunsj for inviterte gjester på Quality Airport Hotel.

Ny gang- og sykkelveg ved Sola skole, der vegopninga blir fredag. Foto: Undi Torstensen
Aktuelt for fylke: Rogaland