Artikkelen er frå 2017, og innhaldet kan vere utdatert.

– Takk for at du er tolmodig fram mot opning i sommar!

Vegarbeidet i Sømmevågen og på Flyplassvegen nærmar seg slutten.

Jobbar nær vegen

Dei neste vekene kjem entreprenøren til å jobbe til ulike tider på døgnet, for å hindre trafikken minst mogleg. Entreprenøren jobbar nær vegen, med å asfaltere, plante og sette opp autovern.

– Det betyr at det er endå viktigare enn tidlegare at folk tar omsyn og held fartsgrensa, slik at ingen blir skada, seier fungerande prosjektleiar Pål Thornes.

Rekn god tid

Dei som køyrer gjennom Sømmevågen og på Flyplassvegen må gjerne rekne litt ekstra tid fram mot sommaren, før vegen er ferdig.

– Vi gjer det vi kan for at trafikken skal flyte, men av og til må vi nok dirigere bilane forbi arbeidsstaden, og då kan det bli litt kø, seier prosjektleiaren.

Sluttdato i prosjektet er 1. juli. Etter det blir det litt etterarbeid, men planen er likevel å markere opning av vegen allereie fredag 16. juni.

Følg gjerne prosjektet på Facebook

Aktuelt for fylke: Rogaland