Artikkelen er frå 2015, og innhaldet kan vere utdatert.

Køyrer du Nordsjøvegen i nærleiken av Flyplassvegen?

Då kan du vere obs på nytt køyremønster frå torsdag kveld, 12. november. Klokka 22:00 torsdag blir Nordsjøvegen stengt ved Flyplassvegen. Trafikken på Flyplassvegen blir flytta over på ny veg mot vest, slik at entreprenøren får jobbe mest mogleg uforstyrra med dei to austlege felta på den komande firefeltsvegen.

Dei som skal til Quality Airport Hotel frå Sømmevågen må køyre nokre hundre meter lenger enn i dag, inn på den nye vegen. Dei må ta til høgre i første kryss, og følge vegen tilbake mot hotellet (sjå kart).

Trafikk frå hotellet mot Sømmevågen må køyre på ny veg parallelt med Flyplassvegen og fortsette til høgre ut på den gamle delen av Flyplassvegen, heilt til rundkjøringa ved Statoil-stasjonen.

kart over nytt køyremønster nov. 2015
Kartet viser nytt køyremønster ved Flyplassvegen og Nordsjøvegen i Sola. Gjled frå 12. november 2015 til sommaren 2016. Foto: Dimensjon/Statens vegvesen
Aktuelt for fylke: Rogaland