Artikkelen er frå 2017, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen stenger torsdag kveld den gamle innkøyringa til Sola skole frå Tanangervegen.

Den nye vegen går via den nye rundkøyringa (sjå kart).

Ny innkøyring fredag morgon

Entreprenøren startar arbeidet med å stenge vegen klokka 21:00 torsdag kveld, 23. mars. Frå fredag morgon må trafikantane vere merksame på det nye køyremønsteret.

Stenginga blir permanent. Dei som skal til og frå skolen må bruke den nye rundkøyringa i Tanangervegen litt nord for skolen, via Kolnesvegen og Erlingvegen.

Det nye køyremønsteret blir godt skilta.

stenger innkøyring sola skole
Innkøyring til Sola skole blir stengt frå torsdag kveld, 23. mars 2017. Ny innkøyring via Kolnesvegen og Erlingvegen.
Aktuelt for fylke: Rogaland