Artikkelen er frå 2015, og innhaldet kan vere utdatert.

I samband med utviding av riksvegen mellom Sømmevågen og Sømme til fire felt, blir trafikken no lagt over på den nye vegen. Den ligg på sørsida av eksisterande veg.

Vegen går parallelt med dagens Tanangerveg der den flater ut etter bakken opp frå Sømmevågen. Endringa er ikkje venta å ha vesentlege konsekvensar for trafikantane.  

- Det er ikkje store omlegginga, men køyremønsteret blir litt annleis, fortel overingeniør Jan Kvindesland i Statens vegvesen. I tillegg blir farten sett ned til 40 km/t. 

Arbeidet med å legge om trafikken skjer natt til torsdag, og då blir det også satt opp nye skilt.  

- Vi byrjar kl. 20:00 om kvelden onsdag 5. august. Då blir det manuell dirigering, sidan vi først må asfaltere skøyten mellom den nye og den gamle vegen i nordenden. Så snart det er gjort blir bilane ført over på den nye vegen, seier Kvindesland. 

Omlegginga er planlagt å vare ut desember. I mellomtida skal eksisterande veg byggast om slik at dei to vegane til saman blir den nye firefelts-vegen etter kvart. 

 

Entreprenøren er i full sving med å gjere klar den nye vegen til trafikken blir lagt om. ( Foto: Anja Kristin Bakken
Aktuelt for fylke: Rogaland