I Noreg har me, heldigvis, strenge reglar for arbeidssikring og trafikktryggleik. Når me skal arbeida i ein tunnel er det mange omsyn som må takast, men det viktigaste er alltid tryggleiken til trafikantane og til dei som arbeidar.

Det er ikkje mogleg å sleppa trafikk fritt gjennom ein tunnel der det går føre seg arbeid, anten det er på vegbana, i fjellet eller på det tekniske anlegget. Det skal vera trygg avstand frå dei som arbeidar til trafikken.

Stogg i arbeidet ved sprenging

Mange av tunnelane som skal oppgraderast dei kommande åra skal få nye havarinisjar, snunisjar eller rom til tekniske bygg. For å sprengja ut desse nisjane må me stengja tunnelen heilt i ein periode, nokre gonger opp mot tre timar. Dette kan verka lenge for dei reisande, men det er mykje som skal gjerast for dei som arbeidar inne i tunnelen, og det er ofte hektisk å halda seg til tidsskjemaet.

So mykje som mogleg av førebuinga til ei salve blir gjort før tunnelen blir stengd. Etter at ein har sprengd, må den laussprengde massen ryddast ut med lastebilar. Avhengig av storleiken på salva, lengda på tunnelen og avstanden til massedeponiet kan dette vera ein stor jobb. Deretter må tunneltaket – hengen – sikrast. Det vert bora djupe hol og sett inn boltar for at ikkje steinmassar skal losna og falla ned på arbeidarar og trafikantar. Fjelloverflata vert òg spruta med betong.

Dersom noko uføresett skulle skje, kan ein måtta halda stengt lenger enn planlagd. Før ein er heilt viss på at det er trygt, kan ein ikkje sleppa trafikk inn i tunnelen.

Kolonnetider

Sidan ein må stengja heilt ved sprenging, går dette arbeidet i hovudsak føre seg på nattetid. Då prøver me å setja ei rutine med kolonnar til faste tider.

Ved arbeid på dagtid er det mest vanleg at kolonnane går kontinuerleg. Dersom ein skulle hatt faste kolonnetider, måtte ein ha rekna inn slingringsrom og teke omsyn til klokkeslett, og dette ville ført til at det vart færre kolonnar og lenger ventetid.

Med kontinuerlege kolonnar kan ein ha uflaks, og til dømes komma akkurat for seint til ei ferje, men ein kan like gjerne ha flaks. Generelt sett er det vanskeleg å tilpassa kolonnetider til ferjeavgangar, fordi køyretøytype, trafikkmengd, køyreforhold og liknande gir variasjonar i reisetida.

"Usynlege" farar

Nokre gonger, spesielt i siste fasen av oppgraderinga, kan det vera vanskeleg for bilistar å sjå at det går føre seg arbeid i ein tunnel. Ein del irriterer seg over nedsette fartsgrenser eller kolonnekøyring der ein ikkje ser nokon som arbeidar. Det er likevel alltid ein grunn til slike inngrep. Til dømes tek det tid å montera og kopla på alt det nye elektriske utstyret som skal på plass, og medan dette arbeidet går føre seg er det ikkje sikkert at utrustinga i tunnelen fungerer optimalt. Då må ein vera ekstra forsiktig. Det kan òg henda at dei som arbeidar i tunnelen er inne i eit teknisk bygg, eller ute for å henta noko akkurat i det du køyrer gjennom. At du ikkje kan sjå oss betyr ikkje at me ikkje er der.

Testing

Før ein tunnel kan reknast som ferdigstilt, må han gjennom ei lang rekkje testar for å sikra at all utrusting fungerer som ho skal. Fyrst testar entreprenørane sjølve utstyret dei har montert. Etter at dei har retta opp eventuelle avvik, testar Statens vegvesen systema i tunnelen, og ser til at desse fungerer som dei skal og kommuniserer med kvarandre og Vegtrafikksentralen. Dersom det er sett inn mykje nytt utstyr, kan det òg vera naudsynt med kurs for dei som skal drifta tunnelen, før han kan overleverast.

 

Tunnelarbeid i fv. 55 Hovdetunnelen. Foto: Silje Drevdal