Oppgraderingsprosjektet handlar om tryggleik. Det er mange faktorar som påverkar tryggleiken i ein tunnel, og mange av desse skal vurderast og eventuelt betrast.

Meir kunnskap og erfaring, større trafikk, og utvikling av ny teknologi fører til store endringar i korleis tunnelar blir bygde og utrusta. Teknologiutviklinga gir oss heilt nye moglegheiter for å følgja med på kva som går føre seg i tunnelane, og gripa inn dersom noko skulle skje. 

Mykje ny teknologi er allereie på plass i tunnelane våre, men mange av dei eldre tunnelane treng ein grundig gjennomgang for å komma opp på same nivå som dei nye. Oppgraderingsprosjektet skal fornya utstyret der det trengst, og få på plass meir einsarta utrusting slik at det blir lettare å halda oversyn.

Akkurat kva arbeid som skal utførast varierer frå stad til stad, alt etter kor gammal tunnelen er, lengd, trafikkmengd og standard. Her er nokre eksempel på tiltak som er aktuelle for mange av tunnelane:

 

Utskifting av vifter, for å få betre ventilasjon og moglegheiter for å driva ut røyk.

  • I tunnelar er det naudsynt med vifter for å driva ut CO og NO-gassar som elles byggjer seg opp. Målarar inne i tunnelen registrerer gassnivåa, og viftene startar automatisk dersom dei trengst.
  • Dersom det begynnar å brenna i ein tunnel, er det viktig at ein kan driva ut røyken frå tunnelen. Med gode nok vifter kan ein snu trekken i tunnelen, for t.d. å driva røyken vekk frå brannmannskap og trafikantar. 

Betre branntryggleik med nytt sløkkeutstyr, godt merkte naudutgangar, naudkommunikasjon med direkte kontakt til Vegtrafikksentralen og naudetatane, og styringssystem som gjer at tunnelane kan stengast ved ulukker eller brann.

  • Inne i tunnelane skal det stå eit naudskåp med brannsløkkingsutstyr og telefon for kvar 125-250m meter. Brannsløkkingsapparat i tunnelar er utstyrte med alarm. Dersom eit apparat blir fjerna, går det direkte beskjed til Vegtrafikksentralen. Dei varslar naudetatane, som rykkjer ut.
  • I brannskåpa er det òg telefonar som ein kan nytta til å komma i direkte kontakt med Vegtrafikksentralen.
  • Mange tunnelar har bom ved begge inngangar. Desse blir styrte automatisk, eller frå Vegtrafikksentralen. Dersom dei får varsling om at noko har skjedd i ein tunnel, stengjer dei tunnelen for innfart med det same.
  • Naudnett blir nytta av utrykkingseiningar frå ulike naudetatar til å kommunisera seg imellom. Alle nye tunnelar som er lengre enn 500 meter skal ha naudnett-dekning. Dei eldre tunnelane på Europa- og riksvegar som ikkje har hatt naudnett-dekning, får dette i samband med oppgraderinga. På fylkesvegnettet er minimumskravet at alle tunnelar på over 1000 meter, med ein årsdøgntrafikk på over 4000, skal ha naudnett. I praksis vil kvar tunnel blir vurdert individuelt for å bestemma om det er behov for naudnett, og tunnelar med kortare lengd og lågare trafikktak kan òg få dette i oppgraderinga.
  • Gjennom DAB-radio med innsnakk er det mogleg for Vegtrafikksentralen og naudetatane å bryta inn i radiosendinga for å gi beskjedar til trafikantar inne i ein tunnel. Installeringa av DAB i tunnelar var ferdig til sløkkinga av FM-nettet i 2017. I tillegg kan nokre tunnelar som ikkje har hatt DAB frå før, få det i samband med tunneloppgraderinga. På Vegvesenet sine fagsider kan du lesa meir om radio i norske vegtunnelar.

Betre lys.

  • AlleAlle tunnelane skal få lys etter forskriftene. Det vanlegaste no er LED-lys, som er sterkare og nyttar mindre straum enn eldre typar tunnellys. Målet er mindre vedlikehald og ei betre oppleving for bilistane.
  • Om dagen er tunnellys sterkare i tunnelopningane og svakare midt inne i tunnelen, slik at auga til bilistane får tid til å omstilla seg. I tillegg gjer lyssensorar på utsida av tunnelen at tunnellyset tilpassar seg dagslyset. Nokre tunnelar får lys som slår seg av automatisk når det ikkje er trafikk i tunnelen, for å spara straum.
  • Tunnelane får òg leielys langs sida. Desse tenner automatisk i naudsituasjonar.

Nye kablar, kabeloppheng og tekniske bygg.

  • Kablar er ein føresetnad for at dei elektriske anlegga i tunnelen, blant dei tryggingssystema, skal verka. Nye elektriske system krev i mange tilfelle òg at ein set opp fleire tekniske bygg i tunnelane. Mange av desse skal stå inne i tunnelen, og då må det sprengjast ut nisjar til dei.

Betre sikring mot brann ved å dekkja til brennbar vass- og frostsikring (PE-skum) med betong.

  • Skum eller matter av polyetylen, som er ein type plast, vert nytta som vass- og frostsikring i tunnelar. Dette materialet er brannfarleg, og det skal difor dekkast med sprøytebetong. På fagsidene for branntryggleik kan du lesa meir om plastbaserte materiale i vegtunnelar.

Fleire havarilommer og snu-nisjar.

  • Ved til dømes eit motorhavari inne i ein tunnel, kan ein nytta havarilommer for å få køyretøyet ut av vegbana, slik at det ikkje sperrar for trafikken gjennom tunnelen.
  • Snu-nisjar lagar plass til at ein kan snu og komma seg ut av tunnelen dersom noko skulle skje.

 

Dersom du vil lesa meir om tunnelar, kan du gå inn på Statens vegvesen sine fagsider om tunnelteknologi.