I 2004 vart det i Europakommisjonen vedteke eit tunneldirektiv med mål om å «sikra lågaste tillatne tryggleiksnivå». Det skal setjast krav til tiltak for å førebyggja alvorlege hendingar som kan setja menneskeliv, miljø og tunnelanlegg i fare. Dersom ulukka er ute, skal det finnast utstyr i tunnelen som gjer det mogleg å komma seg ut (Sjølvbergingsprinsippet).

I Noreg vart direktivet innført gjennom Tunneltryggleiksforskrifta (Lovdata), som vart sett i kraft i mai 2007. Denne forskrifta gjeld tunnelar med ei lengd over 500 meter på Europavegar og riksvegar. Direktivet frå Europakommisjonen tilrår at ein innfører same reglar for tunnelar på andre typar vegar. I Noreg er det bestemt at ein òg skal rusta opp tunnelane på fylkesvegnettet parallelt med opprustinga av Europaveg- og riksvegtunnelane.

Tunneltryggleiksforskrifta for fylkesveg (Lovdata) vart sett i kraft i 2015, og gjeld for tunnelar på fylkesvegnettet som er over 500 m lange og har ein gjennomsnittleg trafikk på over 300 køyretøy kvart døgn gjennom året (ÅDT).

Tunneltryggleiksforskriftene skildrar kva som er minimumskrava for utrusting i tunnelane våre. Tunneloppgraderingsprosjektet tek føre seg dei tunnelane som ikkje har utrusting etter forskriftene. Det er i stor grad montering eller forsterking av tryggleiksutstyr det er snakk om. Når oppgraderinga er ferdig, vil tunnelane ha betre og meir einsarta utrusting. Nye tunnelar i Noreg blir bygde etter Handbok N500 Vegtunnelar. Denne handboka inneheld alle krava i Tunneltryggleiksforskriftene, men er på nokre område enda strengare.