Artikkelen er over eitt år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen varslar oppstart av detaljregulering av rv. 41 på strekninga Steane – Vrådal, jamfør plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8.

Planområdet omfattar strekninga Steane – Vrådal i Kviteseid kommune. Strekninga er på ca. 6 km, og planområdet omfattar eit areal på rundt 850 daa. Det er teke med godt med areal langs eksisterande veg blant anna for å ha tilstrekkeleg areal for evt. omlegging av atkomstvegar langs riksvegen. Endeleg storleik på planområdet vil bli avklart gjennom reguleringsplanprosessen. Statens vegvesen forventar at regulert areal blir vesentleg redusert.

Auka trafikktryggleiken og betre framkommeligheten

Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for utbetring av rv. 41 for å auka trafikktryggleiken og betra framkommeligheten. Rv. 41 skal utbetrast til 7,5 m breidde og gul midtstripe. Vegen skal i hovudsak følgja dagens trasé, men det vil vera behov for omlegging av traseen enkelte stadar for å klara geometriske krav til ny veg.

Det skal planleggast gang- og sykkelveg på strekninga Vrådal hyttegrend – Strånd, ein strekning på ca. 2,3 km. Planavgrensninga tek med seg strekninga fram til og med Furuheimsvegen av omsyn til avslutning av gang- og sykkelveg. Prosjektet omfattar óg kryssutforming fv. 38 Steane og fv. 38 Vrådal, og utbetring av rasteplassen på Steane.

Oppstartsmøte med kommunen

Statens vegvesen gjennomførte oppstartsmøte med Kviteseid kommune 16.09.2022, og det vart konkludert med at planarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing i samsvar med plan – og bygningslova § 4-2 og forskrift om konsekvensutgreiing.

Etter ei samla vurdering av relevante tema er det konkludert med at tiltaket ikkje vil gje vesentleg verknad for miljø eller samfunn.

Ope informasjonsmøte

Statens vegvesen arrangerer informasjonsmøte om planarbeidet onsdag 19. oktober kl. 18.00 på Vrådal grendehus.

Det skal gjennomførast naturtypekartlegging i området i samband med planlegginga. Kartlegginga ventast gjennomført i veke 39 - 40 og gjeld synfaring i marka. Kartlegginga medfører ikkje inngrep eller tiltak i grunnen.

Merknader til oppstartsmeldinga

Merknader til planarbeidet sendast skriftleg til Statens vegvesen innan 31.10.2022

Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

eller til: 

Merk innspel med saksnr. 22/18905.

Vidare saksgang

Når merknadsfristen er ute vil Statens vegvesen gå gjennom merknader og innspel. Merknader og innspel vil ikkje bli svart ut direkte, men vil bli kommenterte og vurderte i plandokumenta. Vegvesenet vil utarbeida eit planforslag fram mot sommaren 2023. Planforslaget vil bli lagt ut til høgring og offentleg ettersyn, og det blir mogleg å komma med merknader og motsegn til forslaget før vidare politisk handsaming.

Det er eit mål at planen blir vedteke i løpet av hausten/vinteren 2023.

Eventuelle spørsmål til planarbeidet kan rettast til planleggingsleiar Turid Hagelia Korshavn, mobil 930 96 282, e-post:

Last ned:

Aktuelt for fylke: Vestfold og Telemark