Artikkelen er frå 2016, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen legg i samarbeid med Suldal kommune eit forslag til reguleringsplan med konsekvensutgreiing ut til offentleg ettersyn i perioden 30. juni til 1. september 2016.

Hovudmålet for plantiltaket er å sikre rv. 13 på den rasutsette strekninga mellom Lovraeidet og Rødsliane.

Last ned plandokumenta her. Planen er også tilgjengeleg på kommunehuset på Sand.

Ope møte

Statens vegvesen arrangerer eit ope møte for å informere meir om regulerings-planen og svare på spørsmål onsdag 24. august kl. 1800 på kommunehuset på Sand.

Merknader

Vi ber om å få tilsendt eventuelle merknader til reguleringsplanen skriftleg innan 1. september 2016

Denne kunngjeringa er i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10. Planen blir utarbeidd etter § 12-3 og 3-7.

Aktuelt for fylke: Rogaland