Artikkelen er over to år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik hadde regi og statssekretær Anders Tyvand klipte snora.

Snorklipp ved Davik og statssekretær Anders Tyvand. (Foto: Kjell Wold)
Snorklipp ved Davik og statssekretær Anders Tyvand. Foto: Kjell Wold

Fredag ettermiddag 7. mai blei utbetringsstrekka på rv. 36 mellom Bø og Seljord opna. Hendinga fann stad ved nye Sjøormen rasteplass ved Stodi mellom Bø og Seljord. Prosjektet vart billegare og utbetringa er gjennomført på ei lengre strekke enn planlagt.

I tillegg slepp og bilistane unna med lågare bomtakstar. Lette køyretøy skal betale 22 kroner pr. passering i staden for 32, mens tunge køyretøy skal betale 66 kroner i staden for 96 kroner

Under stenginga denne vinteren har ein og utbetra 700 meter ekstra av vegen, slik at det i starten av mai vert opna heile 3,7 kilometer ny rv. 36 mellom Bø og Seljord.

Sidan 2019 har den trafikkfarlege vegen blitt utbetra med utretting av svingar, betring av sikt og ein kraftig standardheving av vegen. Først på strekninga Stodistrekninga, no seinast på Buktistrekninga.

Kjell Inge Davik og Tom Hedalen på vegopninga i Seljord. (Foto: Kjell Wold)
Kjell Inge Davik og Tom Hedalen på vegopninga i Seljord. Foto: Kjell Wold

Hovden Hytteservice AS har og gjort jobben både raskare og billegare enn forutsett. Vegen opnar om lag eit år tidlegare enn opphaveleg planlagt og til en kostnad om lag 30 prosent under budsjett.

Utbyggingsdirektør i Statens vegvesen, Kjell Inge Davik, leia arrangementet, medan statssekretær Anders Tyvand i Samferdselsdepartementet klipte snora.

Del av dei ekstra 700 meter med rv 36 som vart bygd. (Foto: Kjell Wold)
Del av dei ekstra 700 meter med rv 36 som vart bygd. Foto: Kjell Wold

På opningsmarkeringa på den nye Sjøormen rasteplass på Stodi deltok og Seljord-ordfører Beate Marie Dahl Eide og prosjektleiar i Statens vegvesen, Tom Hedalen. Kjetil Flatland stod for dei kulturelle innslaga.

Prosjektet har og særs gode HMS-tal: H1 og H2 verdiar på 0 og 0 skader med fråvær.

Statens vegvesen sin prosjektorganisasjon på ny rv 36 Bø Seljord. (Foto: Kjell Wold)
Statens vegvesen sin prosjektorganisasjon på ny rv 36 Bø Seljord. Foto: Kjell Wold