Artikkelen er over to år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Det blei mottatt 14 innspel til planoppstart for dette prosjektet som blei varsla før sommarferien.

Fire kommentarar er frå offentlege myndigheiter, mens 10 innspel er komne frå private.

I tillegg har 13 varsla partar gitt tilbakemelding om at dei ikkje har nokre særskilde merknadar til varsel om planoppstart for vegutbetringar på rv. 52-strekninga Eikredammen-Ulsåk i Hemsedal.

Her fra Bilde  skal vegen utbetrast seks kilometer mot Ulsåk.
Her fra Bilde skal vegen utbetrast seks kilometer mot Ulsåk. Foto: Kjell Wold

Strekningen er om lag seks kilometer. Utbetringane går i hovudsak ut på å breiddeutvide dagens veg, rette ut kurver, utbetre grøfter og gi sikrare sideterreng. Hensikten med tiltaka er å betre framkoma og trafikktryggleiken på strekningen.

Riksveg 52 er ein viktig transportveg for godstransport mellom aust og vest.

Vegens bereevne forringast øver tid, og med større og tyngre køyretøy, og økte krav til vegens utforming må vegen utbetrast.

Aktuelt for fylke: Viken