Artikkelen er over to år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen legg ut forslag til reguleringsplan for rv. 52 Tuv-Venås i Hemsedal kommune til høyring og offentleg ettersyn.

Reguleringsplanane vil ligge ute til offentleg ettersyn til 15. mars 2022.

Om planen

Mellom Tuv og Venås i Hemsedal kommune har riksveg 52 stigningsforhold og kurvatur som utgjer eit framkomstproblem. Først og fremst for tunge køyretøy, men også for lette køyretøy som følgje av blokkert vegbane og tilbakeblokkering av trafikken. Statens vegvesen ønskjer å utbetre denne delen av riksvegen. Gjennom planarbeidet, og etter ei vurdering av aktuelle løysingsforslag og kor trafikksikre løysingane var, vart konklusjonen ein to-felts veg etter H1-standard, som vil seie endring av både stigningsforhold og horisontalkurvatur.

I tillegg blir det planlagt ein gang- og sykkelveg parallelt med riksvegen, og avkøyrsler skal samordnast eller leggjast om der det er aktuelt.
Dagens kjettingplass er både underdimensjonert, og plassert i kombinasjon med avkøyrsle til Rjukandefoss camping. Det er derfor tilrådd å flytte denne nærare Tuv.

Planprosess og medvirkning

I høyringsperioden vil Statens vegvesen vere tilgjengeleg for synfaringar med naboar og interessentar i planområdet. Ønske om synfaring kan meldast til planleggingsleiar Simen Aastorp Haga, på e-post

Plandokument og merknadsfrist

Plandokumenta er tilgjengelege på følgande steder:

Merknader til planen sendes skriftleg innan 15. mars 2022 til:

  • eller Statens vegvesen, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer.

Merknader merkes med: «Merknad til rv.52 Tuv-Venås 20/96238»

Kontakt

Har du spørsmål til planforslaget kan du ta kontakt med:

  • Prosjektleder Knut Erik Skogen tlf: 91 75 00 56
    e-postadresse:
  • Planleggingsleder Simen Aastorp Haga tlf: 93 03 8 543
    e-postadresse:

Erverv av grunn

Bygging av prosjektet vil krevja erverv av grunn. Arbeider med grunnerverv startar normalt når reguleringsplan er vedtatt. Det er vedtatt reguleringsplan som gir heimel for å gjennomføre grunnerverv.

Reguleringsplanane behandlast etter § 3-7 i plan- og bygningsloven. Det betyr at Statens vegvesen utarbeider og legg reguleringsplanane ut til offentleg ettersyn, mens kommunane sluttbehandlar og vedtek planane.

Aktuelt for fylke: Viken