Artikkelen er frå 2009, og innhaldet kan vere utdatert.

Måndag 2. november inviterar Statens vegvesen til vegfest i Kjøsnesfjorden. – Det er lagt opp til eit variert program og vi håpar mange blir med og markerar at ei svært rasutsett strekning er eliminert vekk, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen.

Statens vegvesen har sidan slutten av august 2007 hatt anleggsdrift innerst i Kjøsnesfjorden på rv. 5 mellom Fjærland og Skei i Sogn og Fjordane. Rassikringsprosjektet vil eliminera fleire rasløp som har ført til stengingar og ulukker. Den 2,7 km lange Støylsnestunnelen vil saman med 5 rasvollar av ulik storleik føre til at vegstrekningen vert tryggare for trafikantane.

Variert program

H.M. Kong Harald kjem og vil utføre den offisielle opninga. Finn Tokvam skal vere programvert og Olav Stedje vert med og underheld på opningsfesten. I tillegg vert det mange lokale innslag. Jølster kulturskule, Jølster musikklag, det lokale Skeivasskoret og Synnøve Bjørset er nokre av dei som vil vere med å bidra til ein minneverdig vegfest.
– I tillegg til eit variert program, vil born frå barnehagar og skular vere med å setje preg på markeringa, avsluttar Haugen.

Vegopninga vert på Lundevassenden ved inngangen til den nye tunnelen.
NB!  Rv. 5 vert stengd i Kjøsnesfjorden frå kl. 1045 til 1215.

Invitasjon til media

Statens vegvesen nyttar samstundes høvet til å invitere media til vegopninga.

Det er laga eit eige program for pressa denne dagen. Akkreditering og presseprogram er lagt ut på internettsida til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

NB! Påmelding og akkreditering via Fylkesmannen sine heimesider innan fredag 30. november kl 1200. Sjå lenke.

Rett før vegopning
Vegopninga vert på Lundevassenden ved inngangen til den nye tunnelen.
Aktuelt for fylke: Vestland