Artikkelen er frå 2009, og innhaldet kan vere utdatert.

Den nye parsellen av rv. 5, Hammarsgrovi-Stølsneset, er klar for trafikk. Støylsnestunnelen er no sikkerheitsgodkjend, og trafikantane kan ta strekninga i bruk frå i dag, 8. oktober ca. klokka 15.30

- Sjølv om vegen skal opnast offisielt av H.M. Kongen den 2. november, er det ingen grunn til å vente med å sleppe trafikken til på denne rasutsette strekninga, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen i Statens vegvesen.

Foto: Jarle Sperle
Aktuelt for fylke: Vestland