Artikkelen er frå 2009, og innhaldet kan vere utdatert.

H.M. Kong Harald og to statsrådar var med og fekk oppleve vegopning i Kjøsnesfjorden 2. november. – Vi er godt nøgde med arrangementet, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen. Han ynskjer å takke alle som har bidrege til at det vart ein minneverdig vegfest.

Prosjektleiaren ynskjer på vegne av Statens vegvesen å nytte høvet til å takke alle som har vore med og bidrege til at det vart eit vellukka opningsarrangement. Takk til samarbeidspartar og tilsette i Etaten som har bidrege både i planleggingsfasen og gjennomføringa. Og ikkje minst takk til artistar og dei som vart intervjua for at dei gjorde opningen til ein minneverdig vegfest.

Sjå bilder frå opningsfesten:

Aktuelt for fylke: Vestland