Artikkelen er over eitt år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Rv. 5 Kaupanger-Loftesnes har fått godkjenning til å planlegga rundkøyring i krysset på Loftesnes.

Vegprosjektet har i vinter arbeidd vidare med kryssløysinga på Loftesnes, med mål om å redusere arealinngrep og behov for erverv, samt å redusera kostnad og klimaavtrykk i prosjektet. I samband med dette er det skissert ei rundkøyring som krysstype. Ei slik løysing vil bidra til å redusere farten i krysset, og med det auka trafikktryggleiken.

Skisse av muleg rundkøyring på Loftesnes, lagt oppå flyfoto av området.
Illustrasjon av korleis ei rundkøyring på Loftesnes kan bli sjåandes ut, og nærmare detaljering blir utført i reguleringsplanarbeidet. Ny veg opp til Kaupanger går inn i tunnel nede til høgre. Gang- og sykkelvegar er markert i rosa.

Det vart før påske sendt søknad om fråvik frå Statens vegvesen sine handbøker for å kunne nytta rundkøyring som krysstype på riksveg 5 på Loftesnes. Fråviket er no godkjent, slik at ein kjem til å arbeide vidare med denne kryssløysinga på Loftesnes.

- Dette betyr at me vil innarbeida rundkøyring som krysstype på Loftesnes for alle alternativ i prosjektet, og ta denne løysinga med oss vidare i kostnadsanslag og søknad om kostnadsestimat hjå samferdselsdepartementet, seier planprosjektleiar Steinar Amundsen.

Endeleg plassering, utforming og arealbehov vil bli detaljert i planprosessen for ein framtidig reguleringsplan.

Aktuelt for fylke: Vestland, Sogndal